Minister-besøk i gangen

edit today
Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kom måndag på snarvisitt for å høyra meir om prosjekt Døropnar og for å helse på gründerane i Gründerparken Vest.

– Veldig gøy å høyre om så mykje bra som skjer, sa Røe Isaksen i det han smatt ut døra for å fortsetje måndagen. Ein time hadde han saman med rådgjevaren sin, og to andre frå departementet.

Han kom til Straume Teknologisenter måndag for å læra meir om prosjekt Døropnar. Inkluderingsprosjektet som er eit samarbeid mellom Trigger, NAV, Live2Learn, Øygarden næringsutvikling KF og Vest Næringsråd. Målet med prosjektet er at næringslivet i Øygarden skal lære korleis ein gjer det, og kva ein kan vinna på å inkludere mennesker som står utanfor arbeidslivet.

Ole Morten Skjold, dagleg leiar på Zinken As fortalde om sine erfaringar med temaet, og korleis det har blitt lettare å inkludere etter at NAV starta med jobbspesialistar.

Sirianne Hellerud informerte om prosjekt Døropnar, og konferansen 23. september, der næringslivet er invitert til å komma for å bli inspirert.

Program og påmelding finn du her!

Røe Isaksen fekk også omvisning i Gründerparken Vest, der han helste på fleire av dei 14 bedriftene der.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up