No startar bygginga av ny bru

edit today

Prosjektering og designet på brua er no klart og det markerer ein ny, stor milepåle i prosjektet. Neste veke skal senkekassane til brutårnet i Knarrevika fraktast på lekter og senkast på plass. Senkekassane er støypt og står ferdige på CCB-basen på Ågotnes. Prosjektet startar no med brufundamentane i Knarrevika på Øygardensida medan det vert sprengd for dei austre brutårna som skal stå i Drotningsvik. – Når senkekassane kjem på plass tidleg neste veke er vi ordentleg i gang med å bygge ny Sotrabru, og det er veldig stas, seier Håkon Matre i Statens vegvesen. Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.

Les også

keyboard_arrow_up