Etter eit par intense timar i telefonen var rekorden satt: Ringedugnaden til bedriftene i Øygarden samla inn 670 000 kroner til Krafttak mot kreft.
– Det er berre å bøya seg i støvet og seia tusen takk for alle bidrag. Det er heilt utruleg å oppleva gjevargleda her ute, seier Hans Jarle Einarsen.
Onsdag samla Sartor Storsenter og Vest Næringsråd eit knippe bedrifter til den årlege ringedugnaden til inntekt for «Krafttak mot kreft». Rekorden var frå 2024 då det i løpet av dugnaden blei ringt inn 618 000 kroner.
Den nye rekorden veks stadig, men har no passert 675 000 kroner.