Sjå forandringa i Energiparken

edit today
Det første året med arbeid på mottaksanlegget for CO2-lagring i Øygarden er snart over. – Framdrifta går etter planen, fortel anleggsleiar Karl Inge Ulveseth i Equinor.

I november i fjor starta det førebuande arbeidet med området på Ljøsøya der Noregs første mottaksanlegg for CO2 skal ligga. Etter 12. januar har det ikkje vore stilt ein dag der ute, og i løpet av 2021 skal det meste av det tyngste anleggsarbeidet vera ferdig. Sprenging, utfylling av stein i sjø og klargjering av tomta.

– I 2022 handlar det om kai-arbeid, bore eksport-røyrledningstunnel og bygga lagringstankar og røyrgater. I tillegg skal administrasjonsbygget stå ferdig i september, seier Ulveseth.

Over 100 personar har vore sysselsett på området dette første året. Neste år vil over dobbelt så mange ha arbeidet sitt der. I 2024 er planen at anlegget skal vera heilt ferdig, og kunna motta CO2 og sende det ut under havbotnen.

Her kan du sjå Northern Lights sin dag-for-dag-video av arbeidet i 2021:

Karl Inge Ulveseth har ei lang karriere bak seg innan olje og gass. Han reknar med oppgåva som anleggsleiar blir den siste før han blir pensjonist. Å bidra til at Noreg får sitt første CO2-lagringsanlegg inspirerer han.

– Absolutt. 2-gradersmålet er viktig å nå, og dette er ei løysing som kan bidra sterkt til å få det til. Det er veldig inspirerande å jobba mot den typen mål som vil vera veldig viktige for generasjonar etter oss, sier han.

CO2-lagringsprosjektet Northern Ligths er eit samarbeid mellom Equinor, Shell og TotalEnergies. Northern Ligths skal frakta flytande CO2 med skip frå fangstanlegg til mottaksterminalen i Øygarden. Frå mottaksterminalen vil CO2-gassen seinare bli pumpa gjennom rør til eit lager i reservoar under havbotnen ute på kontinentalsokkelen.

Les også

Meny