Sommarhelsing frå Rikard

edit today
Det har vore eit spesielt år. For næringslivet, for gründerane våre, og for oss i Vest Næringsråd.

Vi gjekk inn i året med den største optimisme, og gleda oss til å starta jobben med å auka medlemsmassen, og vi såg fram til å verkeleg setja Øygardenkonferansen på kartet.

Vi starta med tidenes beste likviditet og økonomi, med eit godt overskot frå dei to siste åra. Det har vi gjort i samråd med styret for å byggja opp ein soliditet i Vest Næringsråd slik at vi skulle kunna takle ei krise.

Og så kom krisa.

Brått blei AS Norge stengt ned. Då bestemte eg og Anders oss for at det var no vi skulle bety noko for medlemmane våre. I samråd med styret vart vi einige om å ikkje gå til permittering, sjølv om det økonomisk hadde vore det beste for oss på alle måtar.

Vi starta arbeidet med å prøva å hjelpa dei som trengte det, sette oss inn i havet av tiltak og pakker, og fulgte med på innskjerpingar som skjedde i næringslivet.

Vår oppleving er at næringslivet har stått på og klart seg gjennom dette, dei som hadde grunnlag for det. Så ser vi dessverre at nokre bedrifter ikkje tålte denne krisa, som enno ikkje er over.

Økonomien i næringslivet har vel aldri vore så diversifisert og ulik frå bedrift til bedrift. Det er ikkje krise for éin bransje, men det er krise for dei som har store likviditetsutfordringar i ein periode der omsetning og kundar uteblir.

Det å ringa medlemmar har vore viktig for oss. Vi har prøvd å følgja opp ved å omtala dykk, skriva om og forklara krisa. Løfta dei som er ramma, visa fram dei som ser moglegheiter. Nokre av dykk har bygd seg opp i koronakrisa, det er gledeleg.

Partnar med kommunen?

Halvårsutfordringa til Vest Næringsråd er ikkje berre relatert til koronakrisa. Det handlar om kommunesamanslåing. Fjell, Sund og Øygarden var medlem hos oss. Den nye kommunen er ikkje det. No jobbar vi med ein partnerskapsavtale der vi truleg vil få definerte oppgåver i grensesnittet mellom kommune, skule og næringsliv.

Avklaring av forholdet vårt til kommunen, og ikkje minst vilkår for vidare drift av gründerparken er det som peikar seg ut kommande haust.

Vil gjennomføra Øygardenkonferansen!

Vi har fått med oss Sparebanken Vest og Øygarden kommune, og saman med dei skal vi klara å få til ein konferanse. Den blir kanskje i noko mindre målestokk enn rekordåret 2019, men vi ser fram til å invitera medlemmane til konferanse og Årsfest fredag 20. november.

Har de spørsmål, så ta kontakt med oss! Vi er ærlege på at vi har ein tøff økonomisk utfordring i år. Difor kjem vi også til å stå på for å rekruttera nye medlemmar, og knyta til oss fleire større samarbeidspartnarar. Det ser vi fram til. Tolv bedrifter har meldt seg inn sidan nyttår. Vi har fått eit flott nytt styre, med styreleiar Cristian Carter i spissen. Styreleiar og resten av styret har stor forståing for dei utfordringane vi har utover hausten.

Den ser vi fram til, men først ønskjer eg alle medlemmer god sommar!

Rikard Toft Ledang

Dagleg leiar

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up