Stine går sin eigen veg

edit today
Førskulelæraren som blei miljøterapeut, men som kasta seg over ingeniørstudiet. Der oppdaga ho Human Design og hoppa av for å hjelpa folk til å bli bevisste på seg sjølv og andre.

– Eg kjente at eg kunne hjelpa fleire viss eg gjekk «all in» for dette, enn om eg blei ingeniør, seier ho.

Stine Fossheim har starta for seg sjølv for å bevisstgjera folk på kvifor dei er som dei er. Ho ønskjer å hjelpa einskildpersonar, familiar, par, leiargrupper i bedrifter eller kollegaer, og tilbyr ulike tenester for dette. Draumen er å skapa sin eigen arbeidsplass, og difor har ho kontorplass i Gründerparken Vest.

  • Namn: Stine Fossheim
  • Alder: 35
  • Bustad: Knarrevik
  • Interesser: Livsnytar
  • Gründerdraum: Skapa min eigen arbeidsplass ved å hjelpa menneske

Stine er utdanna førskulelærar og har jobba fem år som avdelingsleiar i barnehage. Ho har også sju års erfaring som miljøterapeut for psykisk utviklingshemma. Privat har Stine ei åtte år gammal dotter, og det ho beskriv som ein god mann som har tre døtrer frå før.

– Det eg har erfart ønskjer eg å bruka til å hjelpa andre. Eg har alltid jobba med menneske, men då eg blei kjent med dette systemet tenkte eg, fy flate! Hadde eg berre visst om alt dette før! Jobben min hadde vore lettare rundt menneske, men også jobben for foreldre og pårørande ville ha vore mykje lettare. Eg sit på ei gullgruve, og då vil eg gjerne ha det ut til folk for å hjelpa, seier ho.

– Kva gullgruve er det du har funne?

– Human Design er å få vite kven du er. Når du veit kven du er så kan du også forstå kven kollegaen din er, eller kjærasten, partnaren eller barna dine. Eg brukar Human Design til å beskrive ulikheitene vi menneske har. Alle kjempar verkeleg sin eigen kamp.

– For vi veit ikkje kven vi er?

– Vi har masse ytre påverknader rundt oss. Foreldre som har oppdratt oss på ein spesiell måte. Det er ikkje sikkert du kjenner at deira måte var den beste for deg. Vi er også veldig styrte av hovudet vårt, og tar val etter det. Strebar etter pengar, og lar det vera drivet i samfunnet. Vi skal eigentleg ikkje ta val med hovudet. Det er kroppen som er verktøyet for oss for at vi skal ta gode val.

– Meiner du å ta val med hjartet?

– Det er forskjellig. Det beste er å gjera ting av kjærleik. Men det er ikkje alltid vi klarer det.

– Er du coach?

– Eg har ikkje noko coach-utdanning.

– Er du terapeut?

– Nei, det blir for voldsomt overfor dei som faktisk er det. Eg er førskulelærar med masse livserfaring, og eg har brukt meir tid på å studera dette systemet enn til å bli ingeniør. Til slutt kjente eg berre at eg med dette systemet kan hjelpa fleire enn om eg blir ingeniør.

Som ansvarleg for Gründerparken Vest blei Rikard Toft Ledang «lest» av Stine i fjor. – Utruleg mykje stemte av det ho sa. Det var interessant, seier han.

– Ok, kva er Human Design?

– Det er eit system som beskriv kven du er som menneske, kva som er dine styrkar og svakheiter. Når du veit kva som er stabilt i deg og som du kan stole på, kan du også forstå korleis du er saman med andre. Systemet beskriv kor ulike vi er som menneske, og korleis vi er ulike. Det du har kan hjelpa andre, og det andre har kan hjelpa deg. Vi menneske gir ofte velmeinte råd til kvarandre. Men då gir vi råd utifrå kva råd vi sjølv hadde hatt behov for. Ein tenkjer jo ofte at alle treng det same som ein sjølv. Slik er det ikkje.

– Korleis blei du kjent med Human Design?

– Ein kollega tipsa meg om at eg burde lasta ned kartet mitt.

– Det må du forklara, lasta ned kart?

– Det er ditt genetiske blueprint. Eit kart. Ein vegvisar til å finne fram til deg sjølv. Kartet blir sett saman av å bruka fødselsdatoen og fødselsklokkeslettet ditt.

Dette er kartet Stine har av seg sjølv. Utfrå dette kan ho lesa ei rekkje eigenskapar.

– Fødselsdato og klokkeslett, korleis bestemmer det korleis vi er?

– Eg forstår at folk kanskje bremser opp når dei les dette. Eg tenkte også det var svevande greier, og var skeptisk veldig lenge. Men det var fram til eg skjønte at alt stemte på ein prikk. Dette er meg! I USA har dei starta med å bruka Human Design i tilsetjingsprosessar. Då ser dei kva mennesketypar dei har i eit team, og kan vurdera om dei vil ha like folk inn eller om dei vil finna nokon som tilfører noko nytt. I USA er det svært mange slike som meg, som kan hjelpa menneske til å lesa og tolka sitt kart.

– Lat oss tenka oss at du er ein ny bil. Det finns ei brukarhandbok som forklarar korleis bilen/du verkar. Men langt frå alle les i den. Kanskje fyller du diesel på tanken når du burde fylt bensin? Kanskje du trur du er ein lastebil, men eigentleg er ein Porsche? Begge er gode til sitt bruk, men passar ikkje til alt. Viss eg seier at eg har ei brukarhandbok om deg, vil du lese den? spør Stine Fossheim.

  • Les meir på nettsida til Stine her!

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up