ConnectDem fekk støtte frå Stormfondet til å lage ein digital plattform som skal hjelpe pårørande for personar med demens. No er den snart klar.
– Startfasen er den vanskelegaste som gründar. Og det er nettopp då det er viktigast å få støtte, seier Eirik Grunde Olsen, styremedlem i ConnectDem.
I den stemningsfulle bryggkjellaren på Panorama Hotell & Resort har oppstartsbedrifta fått lov til å spele inn videoane som skal bli ein del av det digitale pårørandeprogrammet. Olsen er tilbake i Noreg etter sju år som gründer i USA, og no har han bidratt til ein av videoane sjølv.
Hans video handla om sorg, mens ConnectDem-gründer Alexandra Vik speler inn temaer som å ta vare på seg sjølv, og vanskelege val ein må ta som pårørande.
Når alt er klart skal brukarane kunna velga den videoen som handlar om den situasjonen dei står i der og då.
Har kjørt pilot i Øygarden
– ConnectDem er på ein spennande plass der eg verkeleg kjenner at vi kan tilby ei reell støtte til pårørande som er i ein veldig sårbar og utfordrande situasjon. Vi har begynt å finne forma på kva pårørandeprogrammet skal bli, og vi er klare til å ta endå eit skritt. Til hausten vil vi endeleg kunna tilby heile pakka til andre kommunar også, fortel Alexandra.

Det siste året har støtte-programmet hennar vore ein pilot i Øygarden kommune. Tilbakemeldingane er svært gode.
ConnectDem samarbeider primært med kommunar og organisasjonar innan helse og omsorg. Men dei ser også behov i andre sektorar – spesielt hos arbeidsgjevarar og private verksemder.
– Mange bedrifter ønskjer å ta betre vare på dei tilsette, og vi kan bidra med fagdagar, seminar eller kurs. Det gjeld særleg støtte til leiarar og tilsette som står i krevande pårørandesituasjonar, og som kan oppleva krysspress mellom jobb og omsorgsansvar, forklarar Vik.
– Tildelinga har opna dører
Utan støtta frå Stormfondet ville startfasen for bedrifta vore på eit anna nivå, meiner ho.
– Då er det ikkje sikkert like mange hadde høyrt om oss. Plutseleg får eg kontakt med kundar som har sett og lest og høyrt om oss. Det har opna dører til å nå ut til fleire på eit anna nivå.
Les også: ConnectDem fekk Stormfondet
Styremedlem Olsen meiner støtta frå Stormfondet hjalp på fleire område.
– Tildelinga var ei stadfesting både for Alexandra og oss i styret om at vi gjer noko riktig, at vi treff noko. Det hjelper også veldig på motivasjonen, og at vi faktisk kunne ta dei første stega. Vi må fortsatt jobba med dette, men vi er på rett plass, meiner han.