Bodskapen var enkel: Robotane tar ikkje jobbane våre, men ein må følge med og ta dei i bruk!
Vel 70 deltakarar var med då vi lærte meir om både digitale og fysiske robotar på Marstreffet. Temaet blei belyst av ei rekkje medlemsbedrifter som delte kunnskapen sin:
- AVO Consulting om chatGPT og generativ ai
- Vestnytt om robotjournalistikk
- Stiegler Advokatfirma om robotar og juss
- Fabtech om sveiseroboten i verdsklasse
I tillegg stilte fire elevar frå Sotra vidaregåande skule for å fortelja om studieturen dei nettopp har gjennomført i Europa.
Sjå bilda frå marstreffet her: (klikk på bildet for større versjon)





