– All honnør for at de ikkje har gitt opp

edit today
Klokka 11.13 den 22. februar 2024 – etter 19 års arbeid – vedtok kommunestyret i Øygarden einstemmig planen om å utvikla Nordre Bildøy til eit sentrum i Sotra Kystby.

– Dette er den største byutviklingsplanen som blir vedtatt sidan Bergen vedtok Åsane, sa ordførar Tom Georg Indrevik (H).

– Planen vil gje oss store framtidige utviklingsmoglegheiter, sa Børge Haugetun (SL/TVØ).

– Ein viktig dag. Tålmodigheit er ein dyd. No er vi klare for Nordre Bildøy, sa Marianne Bjorøy (Ap).

– Ein gledas dag for utbyggarane, men også for oss politikarar. Eg er imponert over at dei ikkje har gitt opp. Gratulerer med dagen, sa Jan Utkilen (SL/TVØ).

– All honnør for at de ikkje har gitt opp, sa Anita Garlid Johannessen (FrP).

Glade for fine ord

På bakerste benk i kommunestyresalen kunne trekløveret frå Liegruppen, Peder O. Lie, Roy-Eddy Lie og Bjarne Haldorsen pusta ut.

Dei fekk klarsignalet dei har jobba for i 19 år: Kommunen legg til rette for etablering av om lag 3500 bustadeiningar og inntil 100 000 kvadratmeter nytt næringsareal. Bildetangen skal venda regionsenteret Straume mot sjøen, og målet er å skapa eit levande bumiljø, arbeidsplassar og kulturtilbod.

– Det er ein stor plan, og eg tenkjer at vi må ha respekt for at det kanskje var nødvendig at det tok 19 år. Planen er blitt betre enn den var, seier Roy-Eddy Lie, eigedomssjef i Liegruppen.

Slik kan Bildetangen bli sjåande ut i framtida:

Han innrømmer at det har vore ei krevande sak å jobba med over så lang tid, men vil beskriva det som ein suksess når kommunestyret no meiner planane er ein god utvikling for kommunen.

– For oss som har kjent dette på kroppen, så var det kjekt å høyra alle honnørorda frå talarstolen. Det har vore veldig krevande både økonomisk og mentalt, forklarar han.

Starter på puslespelet

Framover vil det skje lite fysisk på Nordre Bildøy dei næraste åra. Liegruppen og samarbeidspartnar BOB vil førebu seg på utbygging så snart Sotrasambandet opnar i 2027. Fram til då skal selskapa jobba med prosjektdetaljane.

– Vi går inn i ein mykje meir konkret fase no, der vi skal detaljregulera kvart område, seier Roy-Eddy.

  • Sjå kommunestyrevedtaket her!

Les også

keyboard_arrow_up