Bedriftene vil ha TAF-linje til Sotra

edit today
I kartlegginga av kva fag bedriftene i Øygarden ønskjer Sotra vidaregåande skule skal tilby, svarar 19 av 27 at det vil vera gunstig for dei om skulen hadde TAF-linje.

– Dette må vi ta som eit tydeleg ønskje frå næringslivet, seier assisterande rektor, Erik Henneli ved Sotra vidaregåande skule.

TAF står for «Tekniske og allmenne fag» og er eit unikt skuletilbod som til dømes Knarvik vidaregåande skule har tilbod om. Faget varer i fire år, og gir både fagbrev og studiekompetanse.

Sotra vidaregåande skule har aldri hatt dette linjevalet.

– Nei, vi har aldri tilbydd TAF. Difor er det kanskje litt overraskande at så mange av bedriftene kunne tenkt seg akkurat denne utdanninga. Det gir ein indikasjon på at dei veit om utdanningstilbodet, og gjerne har høyrt frå bedrifter som har det i sitt område at det er nyttig, seier rektor Torstein Telle.

Treng fleire ingeniørar

Dei to øvste leiarane på den vidaregåande skulen trur også ønskje om TAF heng saman med eit anna spørsmål i undersøkinga, nemleg: «Kva type høgare utdanning ser du særskild for deg behov for i åra framover?»

Her svarar 15 av bedriftene, altså over halvparten, at det blir særskilt behov for ingeniørar innan sitt felt. TAF-linja er ein populær veg for ungdommar som ønskjer å bli ingeniørar.

– Eg syns det er veldig greitt at denne undersøkinga viser behov også for høgare utdanning. Vi har ofte eit fokus på yrkesfaga i denne samanhengen, og det er gjerne litt utydeleg kva studiespesialiserande kan føra til, seier Telle.

– Overraskande mange ufaglærte

I dei 27 bedriftene som har svara på undersøkinga er det i dag tilsett:

  • 742 ufaglærte
  • 652 fagarbeidarar
  • 465 personar med mellom 1-3 år med høgare utdanning
  • 139 med meir enn fire år med høgare utdanning

Tala viser ei nokså lik fordeling mellom talet på fagarbeidarar og talet på høgare utdanna. Men at så mange er ufaglærte i bedriftene, overraskar rektorane.

– Det overraska meg veldig. Det viser eit tydeleg behov for tilbod om etter- og vidareutdanning ved ein ny skule her ute, seier Torstein Telle.

Skulen vil bli betre på samarbeid

Rektor og assisterande rektor vil no ta med seg resultatet i undersøkinga og spele det inn til kunnskapsgrunnlaget for skulebruksplanen i Vestland fylkeskommune. Både behovet for fleire lærlingar i elektrofaga, TAF-ønsket og innspela frå bedriftene om dei framtidige behova.

– I tillegg tar vi med oss at vi må strukturera samarbeidet med bedriftene betre, og bli meir tydelege. Det seier tilbakemeldingane i undersøkinga, og det må vi berre erkjenna. Samtidig må vi setje i gang tiltak som bøter på dette, seier Henneli.

Det er arbeidsgruppa skule/næringsliv i Vest Næringsråd som står bak undersøkinga som blei sendt ut i september. Arbeidsgruppa jobbar for eit godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar i Øygarden og næringslivet.

– Eg syns det er nyttig at vi har fått denne dokumentasjonen på næringslivet sine behov, og at det kan brukast som grunnlag for ein handlingsplan. Det er positivt at den vidaregåande skulen utrykker at dei vil bruka svara til konkrete tiltak. I Vest Næringsråd kan vi til dømes nytte innspela om behov for kurs og etterutdanning som kjelde til tema på fagmøte og andre treff, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.

Les også

keyboard_arrow_up