– No blomstrar det med arbeidsplassar

edit today
Yrkesfaglærar Lasse Ellingsen har aldri opplevd så stor etterspørsel etter lærlingar som no.

På karrieredagen til yrkesfagelevane som går teknologi og industrifag (TIF) og elektro, var vekstadslokala til Sotra vidaregåande skule fulle av bedrifter som ville lokka til seg nye lærlingar. Fleire av bedriftene skal ta inn fleire lærlingar enn normalt. Nokre snakka om å ta inn sju lærlingar, andre om ti.

– Akkurat det har eg ikkje vore med på før. Det var litt den samme tendensen då eg begynte som lærar i 2014, men så gjekk etterspørselen nedigjen åra etter. Og så kom korona, men no verkar det som om alt etterslepet kjem på ein gong, beskriv læraren.

Fekk snakka med kandidatar

Då han sendte ut spørsmål om kven som ville komma på karrieredagen rant det inn med påmeldingar. Mange bedrifter meldte seg på for å møta og bli kjent med nye potensielle lærlingar. Lysten til å stille opp slik seier mykje om arbeidsmarknaden i Øygarden, meiner Ellingsen.

– Det seier at teknologi og industrifag er skikkelig i vinden, og at det blomstrar med arbeidsplassar her i nærområdet vårt.

Ellingsen er kontaktlærar for TIF. Han merkar at behovet for lærlingar er aller størst innan faga platearbeidar og sveis, i tillegg til industrirørleggar. Der meiner han bedriftene skrik etter folk. I industrimekanikarfaget, der ein blir ei «potet» som kan mykje forskjellig, har han fleire elevar enn læreplassar.

– Industrimekanikar-linja er kjempepopulær, og då blir det stor kamp om læreplassane der, seier Lasse Ellingsen.

Les også

keyboard_arrow_up