– Dette er himmelen for oss

edit today
I snart 40 år har dei hjelpt bedrifter med å vera synlege for andre. No har Info Skilt flytta til nye lokaler i Straume Næringspark der dei vil bli meir synlege sjølv.

– Vi har vore over 30 år der nede i Valen. Det var litt for lenge. Det var litt tungt å jobba i lokala der. Å flytte opp hit er himmelen for oss til samanlikning, seier gründer Terje Haugland.

Det var Haugland som starta Info Skilt i 1987. Ein mann, ei skjorte og ei graveringsmaskin i ei brakke på Ågotnes. Så kom lamineringsmaskina og anna utstyr som gjorde at han utvida og flytta til eit større lokale i Valen i 1991.

– Fleire gongar har folk prøvd å lokke oss til by-sida, men vi har halde oss på Sotra, fortel Haugland. Han er pensjonist no, men aktiv i styre og litt stell framleis.

Den daglege drifta er det dottera Lill som tek seg av.

Terje Haugland starta Info Skilt for snart 40 år sidan. No tel bedrifta sju tilsette, der dei fleste har vore der i over ti år.
Flytta inn i påsken

– Eg trur vi hadde mista mange kundar viss vi hadde flytta over brua. Å flytte hit, derimot, trur eg vil gje oss fleire kundar, meiner Lill Eggum.

I påskeveka stengte dei ned produksjonen, og flytta til Trollhaugmyra 12, vegg i vegg med Novumare og Hellvik Hus. Også Elkjøp sitt varelager er i same bygning.

Bedrifta har litt færre kvadratmeter å boltre seg på enn tidlegare, men dei tilsette er begeistra for lyse, lett tilgjengelege lokaler i Straume Næringspark.

17 meter langt skilt

I 37 år har Info Skilt vore med på opp- og nedturar saman med resten av næringslivet i Øygarden. Drifta har likevel heilt sidan brakke-tida på Ågotnes, gått i pluss.

Her kan du sjå glimt frå arbeid Info Skilt har gjort den seinare tid:

Dei har skilt-oppdrag for store bedrifter, lagar sertifiseringsmerker til utstyr i oljebransjen, merkar dører, skular, gamleheimar, byggeplassar og bilar. Og mykje, mykje meir.

Det siste store prosjekt var det 17 meter lange og 1,5 meter høge fasadeskiltet «SENTRALBLOKKA» på Haukeland Universitetssjukehus.

Klarer seg godt

– Vi har vore gode med pengar. Vi kjøper aldri noko utan å ha råd til det, vi har ikkje lån og vi har alltid tent pengar, forklarar gründeren Terje om suksessen.

Arvtakaren Lill Eggum har ikkje planar om å ta av i satsinga. Ho vil følgje i fotspora faren har gått opp.

– Eg trur ikkje vi skal vekse så mykje som bedrift. Eg trur vi foreløpig skal stabilisera oss her vi er no, meiner ho.

Ingen skal vere i tvil om kva bedrift ein har kome inn til.

Les også

keyboard_arrow_up