– Eg ønskjer meg ein sånn!

edit today
Ordførar Tom Georg Indrevik vil ha store idear på bordet for Stovevatnet-området.

Indrevik viste bilder frå London, New York og Rotterdam då han introduserte arbeidet som er sett igang rundt planane for området mellom Sartor Storsenter og Skjenet. Den nye riksvegen skal gå i tunell under Straume, Stovevatnet skal fyllast att og terrenget hevast. Eit stort området vert dermed eit nytt tilgjengeleg areal, som vert liggande i same høgde som dagens bussterminal og gjesteparkeringa ved rådhuset.

Kommunen har invitert to arkitektteam til å arbeida fram idear til korleis denne delen av Straume kan sjå ut i framtida. Desse to arkitektteama skal legga fram sine foreløpige idear allereie 18. januar.

– Vi bør tenkja gjennom kva vi vil skal stå som eit fotmerke etter oss om 100 år. Vi må utvikla dette saman, sa Indrevik til dei 40 frammøtte på frukostmøtet torsdag.

Området kommunen ønskjer innspel om strekkjer seg frå Skjenet i nord til Sartor Storsenter i sør. Rune Landro.

Assisterande kommunalsjef i Kultur og samfunn, Rune Landro, er prosjektleiar for parallelloppdrag Straume. Han viste til at arealet mellom rådhuset og Straume sentrum mellom anna skal gje plass til ny vidaregåande skule og ny kollektivterminal.

– Det er eit litt stort område å bevega seg på. Det bur for lite folk i området som kan gjera seg nytte av tilboda. Vi treng innspel på plassering av bustadar og korleis vi kan nytta bygget til den vidaregåande skulen utover vanleg skuletid. Kva med nytt rådhus og nytt kulturhus i dette området, stilte han spørsmål om.

Les også

keyboard_arrow_up