Nytt medlem: Arkitekt Giskegjerde

edit today
Arkitektfirmaet på Straume består av Kenneth. That´s it. Men det er ikkje lite. Han har med seg 22 års erfaring og har skrive 750 byggesøknader.

– Godkjenningsraten er på rundt 99 prosent. Eg meiner det viser at vi har eit solid fagleg fundament til å handtere sjølv dei mest komplekse prosjekt, seier Kenneth Giskegjerde.

Firmaet tilbyr tenester innan arkitektur, søknadsbehandling og brannprosjektering, og samarbeider med fleire aktørar. Prosjekta består av alt frå naust til større bustad- og næringsbygg.

– Vi fokuserer alltid på å gjere det best mogleg for kunden innanfor gjeldande moglegheiter og regelverk. Dette sikrar at vi leverer høg kvalitet samtidig som vi tar omsyn til samfunnsansvaret det er å forme bygningar som vil vera funksjonelle i mange tiår framover, forklarar han.

No ønskjer arkitekten å vera ein del av nettverket til Vest Næringsråd, og bli nærare kjend med byggebransjen sine mange aktørar i regionen.

– Vi ser frem til å gå vegen videre med Vest Næringsråd, og ser på det som en unik moglegheit til å visa at vi er til stades i lokalsamfunnet, og styrka oss fagleg, seier Kenneth Giskegjerde.

Les også

keyboard_arrow_up