– På høg tid at elevane skal velje retning

edit today
For mange kjem det litt brått på, valet om vidaregåande opplæring. Men den nye rektoren på Sotra vidaregåande skule meiner det er på tide å ta valet når ein er 16 år.

– Alle syns det er vanskeleg å velje, men eg syns det er på høg tid, seier Olav Lee.

Vi møter den ferske rektoren midt i eit summande folkehav av foreldre og tiandeklassingar som prøver å lande valet sitt før 1. mars – fristen for å søka offentleg vidaregåande skule.

Lee set pris på at Rotary steller i stand messa. For 35. gong.

– Det er veldig kjekt at både elevar og lærar får vist fram skulen, og får møta folk fysisk. Det har vi sakna dei siste åra, seier han.

– Mykje fungerer godt

Olav Lee tok over etter Torstein Telle ved nyttår. No er den tidlegare avdelingsleiaren for studiespesialisering blitt øvste leiaren ved Sotra vidaregåande skule. Lee har ikkje planar om å setje i gang noko revolusjonerande ved skulen, men ser ting han ønskjer å forbetra.

– Det er mykje som fungerer godt, så eg treng ikkje driva med så mykje brannsløkking, seier han, og legg til at han vil vera audmjuk og la endringar ta den tida det tar.

– Kva tenkjer du om det retningsvalet tiandeklassingane skal ta no?

– Alle syns det er vanskeleg å velje. Men eg syns det er på høg tid å gjere det på dette tidspunktet, seier han.

For lite teori, og for mykje teori

Lee er nøgd med «trøkket» som har kome inn på dei teoretiske faga i ungdomsskulen dei siste 20 åra, men ser også at nettopp den teoretiske tyngden blir for mykje for nokre.

– Det er det som er problemstillinga: skal vi få elevar inn på studiespesialiserande som har god nok kunnskap i matematikk og framandspråk, må vi ha det trøkket på desse faga som vi har i ungdomsskulen i dag. Samtidig er ungdomsskulen blitt så teoretisk at for elevar som gjerne heller mot praktiske fag, kan det bli for mykje, utdjupar han.

Difor meiner Lee at når ein i Noreg må vente til ein er 16 år gammal før ein tar valet, så blir det for tøft teoretisk for nokre elevar, og for lite teoretisk for andre gjennom ungdomsskulen.

– Dei fleste kjem i mål. Også sjølv om ein vel feil første gongen. Det er opna for så store moglegheiter om å angre og velje på nytt at det går bra. Og som vi seier til elevane: De skal truleg leve til de er over 80 år, om du då må ta eit år ekstra for å lande på det rette, så må du ikkje la det øydelegge livet ditt.

Les også

keyboard_arrow_up