Roar tar over etter Roald

edit today
27 år etter at han starta opp Ågotnes Sveis har Roald Sekkingstad for første gong tilsett dagleg leiar.

– Eg hadde lyst til å gjera litt andre ting, seier Sekkingstad.

Vi sit i hjørnekontoret i Bleivassvegen 62, der bedrifta har halde hus sidan år 2000 då AGR valde å flytta på seg. Produksjonen har gått opp og ned sidan starten, men ikkje variert veldig. Den største omlegginga var å flytta fokus frå service og vedlikehald, til meir fabrikasjon.

– Vi måtte legga om drifta. I starten var det meir service og vedlikehald-oppgåver til plattformene som var her. Men etter at mykje av den aktiviteten i området blei flytta til Mongstad la vi om til å produsera ulike ting, fortel han.

Størstedelen av inntektene kjem frå arbeid til subsea-installasjonar. Mykje av det blir sendt til Stavanger eller Oslo.

– Vi har klart å halde talet på tilsette veldig jevnt. Mange av dei tilsette har vore her mellom 15 og 25 år, fortel han.

Vil finna nye marknader

I fjor haust lyste han ut sin eigen jobb som dagleg leiar. Gründeren ønskjer å konsentrera seg om å finna nye marknader, og ikkje minst vera teknisk leiar. 27 års erfaring gjer at han kjenner det tekniske svært godt, og veit korleis marknaden svingar i bransjen gjennom året.

– Når ein skal kalkulera må ein ha vore i bransjen nokre år. Det er den jobben som skal sørga for at det er full produksjon i verkstaden. Akkurat det er ikkje noko ein kan læra seg på skulen, forklarar Sekkingstad.

Ågotnes Sveis AS, no Bergen Sveis og Mekaniske har sidan 1996 utvikla seg til å bli eit moderne fabrikasjonsverkstad med en moderne maskinpark.

I utlysingsprosessen til å erstatta seg sjølv landa Roald på Roar. Roar Førland frå Jørpeland i Rogaland. Han har tatt steget fullt ut og flytta til Øygarden.

Første april var Roar i gang.

– Eg syns jobben verkar spennande. Det har vore mykje å setta seg inn i, men det går greitt, seier nykommaren.

– Viktig å bli kjent med naboane

Med bakgrunn som leiar av sveiseavdeling, arbeid i maskineringsfabrikk og i tillegg subsea, skulle han passe godt inn i Ågotnes Sveis. Eller rettare sagt Bergen Sveis og Mekaniske som selskapet heiter. Det opphavelege Ågotnes Sveis AS er no morselskapet i selskapsgrupperinga.

– Roald, kor viktig er det at Roar blir kjent med bedriftene i området her?

– Det er klart det er viktig. Vi har jo ein del jobbar lokalt, men er også avhengige av lokale leverandørar innan mange felt, seier Roald Sekkingstad.

Les også

keyboard_arrow_up