Størst behov for yrkesfagleg kompetanse

edit today
Den neste månaden skal alle 10. klassingar i regionen velgje vidaregåande opplæring. I ei fersk medlemsundersøking svarer nesten halvparten av bedriftene at dei treng fleire tilsette med yrkesfagleg kompetanse.

Det er eit stort behov for kompetanse generelt i bedriftene i Øygarden. Så stort at det begrensar aktiviteten. Over halvparten (60 %) av bedriftene som har svart på undersøkinga fortel at dei i stor eller nokon grad har tapt kundar eller marknadsandelar på grunn av manglande kompetanse.

– I tillegg svarar fire av ti at dei har måtta redusera aktivitetsnivået på grunn av dette. Det er urovekkande. Det kunne altså vore større vekst her, men manglande kompetanse bremsar bedriftene, seier Kari-Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd.

Treng utdanning på alle nivå

I undersøkinga skil behovet for yrkesfagleg utdanning seg ut. 47 prosent av bedriftene seier behovet er aller størst der. På andreplass kjem høgare yrkesfagleg utdanning. Ein tredel av bedriftene svarer at dei har behov for universitet- eller høgskuleutdanning på bachelor eller masternivå.

– Her trengs meir kompetanse på dei aller fleste nivå, men aller størst er altså behovet for fagarbeidarar. Det er noko å ta med seg for dei som var på yrkesmessa, seier Landro.

  • Sjå bilder frå Yrkesmessa nederst i saka!
Frist 1. mars

Så mange som tusen mennesker besøkte messa i Sotra Arena tysdag kveld. 42 utstillarar kjempa om 10. klassingane og foreldra deira sin gunst. Den neste månaden skal dei ta valet om kva vidaregåande opplæring dei skal søke seg inn på.

For arrangøren er målet med messa å få i gang ein skikkelig samtale i heimane om utdanningsvalet.

– Å arrangere denne messa er det gøyaste vi gjer i Sotra Rotary. Tilbakemeldingane frå elevane er at dei får hjelp til å ta valet. Eg trur vi skapar ein arena for diskusjon i heimane som ikkje hadde blitt den same utan at dei var her, seier Astrid Aag. Ho får støtte av med-arrangør Gunnar Buvik.

– Vi håpar at dei snakkar om dette i familien når dei kjem heim. Det var ei studie ein gong som sa at mor har størst påverknad på barna sitt yrkesval, seier han.

Treng ikkje frykte feil val

– Er det vanskelegare å ta dette valet no enn i «gamle dagar»?

– Det er litt både og trur eg. Mangfaldet i vidaregåande skule er enormt no, så eg skjønar godt at det kan vera vanskeleg, men det er også langt meir informasjon tilgjengeleg, meiner han.

– Ja, det er eit vanskeleg val. Dei er 10. klassingar, og dei er 16 år gamle, og mange tenkjer valet handlar om kva dei skal gjere resten av livet. Det er jo ikkje det det handlar om. Ikkje ver så redd for å velje feil. Du kan velje om igjen. Fullfør året du startar på, så har du faga med deg, oppmodar Astrid Aag.

Bilder frå Yrkesmessa 2024:

Les også

keyboard_arrow_up