– Viktig å ha støtte rundt seg

edit today
Gründerparken Vest består av nyoppstarta verksemder frå mange ulike bransjer.  I 2020 utvida vi tilbodet med ei Ågotnes-avdeling i tillegg til Straume. Målet er å skape eit fellesskap for vekst og innovasjon.
Bernth Torsvik
Bernth Torsvik, iDoc

Bernth Torsvik, iDoc – Eit rapporteringsverktøy for EL-kontrollørar. Sparer tid med enkel avviksregistrering via nettbrett eller mobil.

– Å vere gründer kan i mange tilfeller være ensamt, men i eit fellesskap som Gründerparken får ein “kollegaer” og eit fellesskap ein kan dra nytte av. Her heier vi på kvarandre og ein kan dra nytte av kvarandre sin kompetanse og erfaring ved å få eit produkt ut i marknaden. Ein byggjer også nettverk, noko som er alfa og omega for å få ut produktet du lagar.

Mariann Nistad, Invid

Mariann Sangolt Nistad, Invid – Sjåførane sin app. Eit nettbasert system for timeregistrering og andre typer registreringar. Hentar timar automatisk frå sjåførkortet. Dei har tilgang til sjåførhandbok, kundeprosedyrar, avviksregistrering og internkontroll. Tilpassar di bedrift sin grafiske profil til systemet for å skape eit samhald i bedrifta.

– Å vera en del av gründerparken gjer at eg får ta del i eit felleskap der eg kan ha det sosialt med andre gründerar. Vi hjelper kvarandre med utfordringar og eg har nokon å lene meg på. Eg syns dette er veldig viktig då det kan vera veldig einsamt å drive gründerbedrift for seg sjølv. Eg trur det at så lenge ein har det bra, presterar ein betre. Om ein sit heime åleine dag inn og dag ut, har ein ikkje nokon å diskutere med, og mangler det sosiale dei aller fleste har behov for.

Jøran Ingvaldsen – Foto og film.

Jøran Ingvaldsen, Ingvaldsen Foto – Fotograf og videoproduksjon. Livet er verdt å glede seg over, verne og dele med andre.  Difor vil vi løfte fram verdiar som byggjer ein sterk grunnvoll for det som er viktig for deg og det du er engasjert i.  Vi trur på eit heilhjerta engasjement for det du brenn for, og vil med film og bilder gjere vårt beste i å videreformidle dette.

– Det er kjekt å vera med i eit kreativt miljø der alle er medspelarar og løfter kvarandre opp!

Aleksander Helmersberg, Milla Says

Aleksander Helmersberg, Milla Says – Milla Says har utvikla gode digitale løsninger som løfter barn, unge og voksne med manglende eller begrenset verbal tale til å kunne ha en god kommunikasjon med de rundt seg. Selskapet er prisbelønnet for sitt arbeid og ble etablert i 2015.

– Det å vera i eit gründermiljø er ekstremt viktig for den som driver oppstart eller er i driftsfase, ved å sitte med fleire andre i same situasjon og dele erfaringar primært. Vi kan hjelpa kvarandre med det ein sjølv ikkje er så god på.

Meir informasjon om Gründerparken Vest her!

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up