Vil byggje anlegg som fangar CO2 frå lufta

edit today
CCB Energy har denne veka inngått ein intensjonsavtale med Carbon Removal om å bygga anlegg for fangst av CO2 frå lufta. Det kan gje over 50 nye arbeidsplassar nord i kommunen.

Fangstanlegget vert det første i sitt slag i Noreg i stor skala og vil verta eitt av dei største i verda når det er etablert. Anlegget vil ha kapasitet til å fanga 500 tusen tonn CO2 årleg. Karbonet skal leverast til Northern Lights JV og transporterast i røyr og lagrast underhavbotnen.

Planen er at anleggsarbeidet skal starta i 2025 og at anlegget til ein milliard dollar skal stå klart til drift i løpet av 2027. Anlegget kan gje mellom 50 og 100 varige arbeidsplassar.

– Speler ei viktig rolle

Ordførar Tom Georg Indrevik er svært stolt over at Øygarden er ein føregangskommune for etablering av grøn industri.

– Fangst av CO2 gjev eit negativt karbonutslepp, og dette vil spela ei viktig rolle både i regional, nasjonal og internasjonal samanheng, seier han.

Administrerande direktør i CCB Energy, Ronny Haufe, seier at for CCB Energy er dette endå ein milepåle i Energiparken, der selskapet kontinuerleg jobbar for å oppnå etablering av klimavennlege, berekraftige og karbonreduserande næringar.

– Etableringar som dette vil vera viktige i kampen for klimaet, men også for å gje omstilling til nye, framtidsretta arbeidsplassar lokalt i Øygarden, seier Haufe.

Administrerande direktør i Carbon Removal, Eirik Lilledahl, seier at selskapet er svært glad for det gode samarbeidet med CCB Energy og Øygarden kommune for å etablera eit storskala anlegg for direktefangst frå luft i Energiparken.

Slik kan anlegget komma til å sjå ut når det er ferdig i 2027. Foto: Carbon Removal

Les også

keyboard_arrow_up