Vil du utvikla Vest Næringsråd inn i framtida?

edit today
Er du den rette, eller kjenner du nokon som bør vera kandidat til styret? Valkomiteen tar no imot innspel til kandidatar.

– Det viktigaste er at kandidaten er motivert og har eit engasjement for næringslivet i Øygarden og regionen, seier leiar av valkomiteen, Kjersti Nordøy.

Saman med seg i komiteen har ho Rikard Toft Ledang og Marianne Furheim. Dei tre er i gang med arbeidet å setje saman forslag til nytt styre. Årsmøtet er 24. april, og komiteen må ha mottatt forslag til kandidatar innan 1. mars.

Dette ser komiteen etter
  • Motivasjon og engasjement for næringslivet
  • Nokon som kan være med på å utvikla Vest Næringsråd inn i framtida
  • At ein er i stand til å omfavne eit mangfoldig næringsliv i regionen ut over sin eigen bransje
  • Valkomiteen er opptatt av at styret bør vera samansett av ulike bransjar, ulik storleik på bedriftene og geografisk spreiing
Innspel kan gis ved å ta kontakt med komiteen direkte:
Dagens styre i Vest Næringsråd er:

STYRELEIAR:
Styreleiar Arild Bøthun, Sartor & Drange

STYREMEDLEMMER:
Styremedlem Øyvind A. Langedal
Styremedlem Monica Gudmundsen, ACOS
Styremedlem Trond Helge Nyegaard, Sotra Fiskeindustri
Styremedlem Anja Moen Arefjord, VEX-Gruppen
Styremedlem Hanne Misje Lokøy, CCB
Styremedlem Einar Drægebø, Harris

VARAREPRESENTANTER:
Varamedlem Silvia Høines, Panorama Hotell & Resort
Varamedlem Grethe Bjorøy, Live2Learn

Les også

keyboard_arrow_up