1,24 mill nye korona-midlar

edit today
Staten har løyvd ytterlegare midlar til næringar som framleis er ramma av inngripande smittevernstiltak og avgrensingar knytt til koronapandemien.

Øygarden har i denne runden fått tiltalt 1,24 millionar kroner, og denne gongen skal pengane gå spesielt til verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordninga. Døme på dette er nystarta bedrifter.

Departementet har bedt kommunane om å tilgodesjå desse bransjane:

  • servering
  • overnatting
  • sport og fritid
  • reisebyrå og -arrangørar
  • kunst og underhaldning
  • kongress-, messe- og utstillingsverksemd

Tildelingane i denne ordninga gjeld for tap og ekstra kostnader på grunn av koronapandemien i månadane januar, februar og mars 2022.

Verksemder som tidlegare ikkje har fått tildelt midlar vil bli prioriterte i denne runden.

Søknadsfrist er 19. april 2022. Søknadar vert behandla fortløpande til fordelinga er tom. Utbetaling vil skje etter 19. april.

Les meir og søk her!

Les også

keyboard_arrow_up