Gjennomslag i den første av fire tunnelar

edit today
Lys i begge endar av dei to løpa på nye Kolltveittunnelen.

Gjennomslaget i det nordlege løpet skjer eit lite halvår før fristen i OPS-kontrakten med Statens vegvesen. Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes er nøgd med å kunne markere gjennomslag allereie no.

— Det er stor stas å feire gjennomslag i den første av totalt fire vegtunnelar på nytt Sotrasamband. Sjølve gjennomslaget fekk vi i går føremiddag i 11:30 tida, men feiringa og kaka tek vi i dag. Arbeidet med å sprenge ut ny Kolltveittunnel har gått føre seg utan problem eller forseinkingar, noko vi er svært glade for.

Den første sprenginga for tunnelen ble gjennomført 23. juni i fjor. Ifølge kontrakten med Statens vegvesen var fristen for gjennomslag 10. oktober i år.

— Driving av Kolltveittunnelen har gått etter planen, med godt samarbeid mellom Sotra Link Construction som hovudentreprenør, og LNS som underentreprenør. Vi synst det er moro å nå milepåle 2 nesten eit halvt år før tidsfristen satt av Statens vegvesen, seier Christopher M. Bjerke, prosjektleiar i OPS-selskapet Sotra Link.

Over 500 sprengingar er fyrt av i dei to tunnelløpa sidan oppstart i fjor sommar, og over 200 000 kubikkmeter med massar er frakta ut av tunnelen. Tunnelen er 940 meter lang, får to køyrefelt i kvar retning, og har tre tverrpassasjer mellom dei to tunnelløpa til nødevakuering i tilfelle ulykker eller brann.

Les heile pressemeldinga her!

Les også

keyboard_arrow_up