Slik var Januartreffet

edit today
Arbeidsåret 2020 er godt igang, og vi ser med forventning på det første året i Øygarden kommune. Difor var også kommunen tungt representert.

Vi er takksame for 110 påmeldte til treffet i Straume Teknologisenter. Dei blei mottekne til lukta av varme sukkerbomber av nokre skillingsbollar, og endå varmare kaffe. Skillingsbollane var det Liegruppen som spanderte. Men det var Glesvær Kafe som leverte.

Sjå bilda frå treffet heilt nede i saka!

Dagleg leiar, Rikard Toft Ledang, starta treffet med å visa til den enorme utviklinga regionen vår har vore gjennom dei siste femti åra. Det gjorde han for å visa kor store omveltningar vi kan, og truleg vil oppleva, framover.

Ordførar Tom Georg Indrevik forklarte kvifor han ønskjer å få kommunestyret med på at Øygarden kommune skal forplikta seg til Byvekstavtalen. Ein politisk bindande, ikkje juridisk, som skal jobba for nullvekst i personbiltrafikken.

− Vi ønskjer oss meir næringstransport og nyttetransport. Men det er privatbilismen som skal ha nullvekst, sa Indrevik.

Bakgrunnen for avtalen er FN sine berekraftsmål, og vil gje kommunen kring 40 millionar kroner i inntekter i ti år framover.

Einingsleiar for plan, geodata og oppmåling, Hanna Gjesdal, fekk ordet etter ordføraren. Ho viste oss korleis den første tida i storkommunen blir når det handlar om planar.

Illustrasjonen under viser hovudpoenget, der ein må starte nederst og klatre opp til toppen av isfjellet, arealplanen:− Fristen for å ha vedteke ein planstrategi er eit år etter at kommunestyret blei konstituert, altså 24. oktober 2020, opplyste Gjesdal.

Til slutt fekk vi eit foredrag av Randi Hansen Våge, partner og advokat i Hammervold Pind. Ho viste oss med dømer frå Oslo at det fins grenser for kva kommunen kan kreva av utbyggjarar.

− Krav frå kommunen skal vera saklege og rimelege, sa Hansen Våge, som oppmoda utbyggjarar om å klaga meir på krav som blir stilt.

Les også

keyboard_arrow_up