– Alle kjem på eit tidspunkt til å ha med eit solcelleanlegg å gjera

edit today
Då straumprisane eksploderte i fjor, eksploderte også omsetninga i Solcellekraft. I snart eit år har dei montert fem solcelleanlegg kvar dag, og no tilset dei nye kvar veke.

– Det blei ekstremt mykje fokus på straumprisane i fjor sommar, og då opplevde vi ein liten eksplosjon i etterspørsel. Sidan då har vi montert anlegg for ein million kroner for dagen, det er fem anlegg, forklarar dagleg leiar Nils Arne Lie.

Frå nyttår var solcellebedrifta på plass i nykjøpte lokale i Idrettsvegen 103 C. Der har dei endeleg alt på ein plass, administrasjon og lager. Det blei for lite med 100 kvadratmeter i Bergen sentrum, der det heile starta.

– Der sat vi vel ei stund oppå kvarandre, smiler Lie.

Heim til Øygarden

No tel administrasjonen rundt 20 tilsette, mens tilknytte montørar fyk rundt i Noreg og festar solcellene på tak.

– Kor mange nye arbeidsplassar kom til Øygarden då de flytta hit?

– Vi held på å tilsetja rundt 30 i takmonteringgselskapet vårt, så det blir nok snart 50 arbeidsplassar som er styrt herifrå. Kanskje blir det 60 eller 70 i løpet av året, men vi får sjå korleis hausten blir, seier han.

Lange framtidsutsikter

For korleis veksten blir vidare er umogleg å seie. Lie tippar likevel ein oppgang på mellom 20 og 50 prosent frå omsetnaden på 217 millionar kroner i fjor. Nye krav frå det offentlege om å ta i bruk solenergi, i tillegg til tilskotsordningar for å bestille gjer at Lie kan planlegga for drift i lang tid framover.

– Det er nok berre ein liten prosent av behovet i Noreg som er dekka til no. Det offentlege har også kome med påbod om solcelleanlegg på alle nye offentlege bygg frå 2026, og på private næringsbygg frå 2030. Så det er blitt ein ny måte å tenka energi på, og alle kjem på eit tidspunkt til å vera involvert i eit solcelleanlegg, meiner Nils Arne Lie.

Les også

keyboard_arrow_up