– Avtalen bidrar til å sikre arbeidsplassar

edit today
Coast Center Base har saman med alliansepartnerar vunne fregattavtalen med Sjøforsvaret til ein totalverdi på inntil 17 milliardar kroner.

Kongsberg gruppen med partnerane CCB , Wilhelmsen og Westcon er tildelt kontrakt på strategisk vedlikehold på Fritjof Nansen klasse fregatter.

Avtalen har ein totalverdi på opptil 17 milliarder kroner for tenester levert ut levetida på fregattane, fram mot 2040.

Jan-Dagfinn Lund, konsernsjef i CCB

– Denne kontrakten er eit viktig steg for å realisera ambisjonane våre om å bli ein langsiktig samarbeidspartnar med Sjøforsvaret. Avtalen vil bidra til å sikra arbeidsplassar ikkje berre ved CCB, men også blant våre mange lokale underleverandørar, seier Jan-Dagfinn Lund, konserndirektør i CCB.

Nyheita blei publisert på CCB sin LinkedIn-profil tysdag.

Lund fortel at kontrakta er historisk stor, og har vore gjenstand for sterk konkurranse.

– Å komme vinnande ut av denne konkurransen gjer oss ydmyke og svært stolte over å kunna demonstrera konkurransekrafta vår, seier han, og forklarer korleis aktivitetar mot Sjøforsvaret ikkje føl samme syklusar som for olje og gass, eller sivil skipsfart.

– Dermed vil denne kontrakten bidra til jamnt med arbeid, meiner han.

Les også

keyboard_arrow_up