Betre enn frykta, men…

edit today
Stille før stormen. Det var inntrykket etter frukostmøte om krisa i bygg- og anleggsbransjen. Krisa har ikkje nådd Øygarden, men uroen handlar om kva som skjer neste år.

Høgare rente og auka kostnader gjer at ein av tre bedrifter innan bygg- og anlegg på landsbasis seier dei må nedbemanne i løpet av få månader.

Ifølgje Nav har talet på arbeidsledige i bransjen allereie auka med 37 prosent på eit år. Men, ikkje på Vestlandet, og ikkje i Øygarden. Her går det betre.

Mange bedrifter er rett nok bekymra for kva som vil skje ut i neste år, men berre 14 av dei 2364 tilsette i denne bransjen i Øygarden er akkurat no permitterte.

Nav sine tal viser «ikkje alarmerande teikn i bygg og anlegg. Talet på ledige stillingar ligg rett nok lågare i år enn i fjor, men det er framleis ledige jobbar. Så langt har vi heller ikkje fått nokon uvanleg auke i varsel om permitteringar eller oppseiingar».

I bygg- og anleggsbransjen i Øygarden er det:

  • 269 bedrifter
  • 6 med meir enn 50 tilsette
  • 40 med 10-50 tilsette
  • 221 med under 10 tilsette

Uroen er størst for at desse minste skal få problem neste år.

– Det er dei minste aktørane i bransjen som får det tøffast. Er det mindre å gjere, er det desse som forsvinn først. Dei slit også med å kvalifisere seg til offentlege oppdrag, sa Sartor Drange-sjefen Arild Bøthun.

Sjå bilder frå bransjetreffet her: (Klikk på bildet for større versjon)

Les også

keyboard_arrow_up