Det tek tid å snu eit tankskip i fart

edit today

– Hashtaggane kjem dalande i hovudet når eg snakkar om dette: #stril #verdensklassestril #strilenkan #kunnskapsstrilen #striliverdensklasse #stoltstril #strileniendring, skriver Kjersti Nordøy i Sotrabloggen.

Sotrabloggen er en næringsblogg for regionen vest for Bergen. Innleggene er personlige. Våre gjestebloggere får her mulighet til å fritt ytre seg om små og store temaer som de mener berører næringslivet. Denne gangen er det Kjersti Nordøy, kommunikasjonsleder for Statoil Sture & Kollsnes, som skriver.

Mange bedrifter i regionen opplever framleis ein utfordrande situasjon for verksemd knytt til olje- og gass. Låg oljepris er noko som treff bunnlina hardt og det er naturleg nok ei av årsakene til dei endringane som pågår i næringa no. Det er ein vedvarande tvil knytt til korleis olje- og gassprisane vil røra seg både på kort og lang sikt. Ein ting det ikkje er noko tvil om, er at selskapet som eg er ein del av og landanlegga som me driftar på Sture & Kollsnes, må handtera dette.

«Business as usual» er ikkje eit alternativ, seier vår konsernsjef Eldar Sætre til oss. Det er ein tydeleg bodskap om at han forventar ei radikal endring. Statoil skal være være med å forma energiframtida. Det er ikkje utan betyding for olje- og gassnasjonen Noreg korleis det går med Statoil, så det kviler eit stort ansvar på oss som selskap.

Landanlegga på Sture & Kollsnes høyrer til den kommersielle spydspissen av selskapet og det forretningsområdet som er ute i olje-, gass- og produktmarknaden. Det betyr for oss eit behov for at samtlege tilsette bidreg til å driva ei sunn og berekraftig verksemd. Me treng ein måte å tenkja på som er open for radikale endringar og me treng motiverte tilsette.

Kva er det så som skaper motivasjon i ei verd der det for det meste ser ut til å henga tunge skyer over oss?

For oss har det vore viktig å laga oss ei endringshistorie. Slik at alle forstår kvifor me må endra oss og konsekvensane dersom me ikkje gjer det. Det beste me kan gjera for å sikra vår eksistens, er å levera gode resultat på ein sikker måte. Me må redusere kostnadene våre, og det er medarbeidarane som best veit korleis dette skal gjerast. Me må finna nye områder å skapa verdi på, og det er medarbeidarane som best veit korleis dette skal gjerast.

Me driv forretningar med tilsette som har kompetanse i verdsklasse innan sine fagfelt. Dei fleste kjem frå region vest og områda ikring. Som den aktive brukaren av sosiale medier eg er, kjem hasjtaggande dalande i hovudet når eg snakkar om dette:
#stril #verdensklassestril #strilenkan #kunnskapsstrilen #striliverdensklasse #stoltstril #strileniendring

Eg trur at dess meir kunnskap ein samla organisasjon har om situasjonen, dess meir motivasjon får ein til å vera med på den endringsreisa som krevst. Tilsette som får mandat til å finna dei gode løysingane og setja dei ut i livet får motivasjon. I vanskelege tider er motiverte medarbeidarar som skjøner alvoret ein mogelegheit for eit selskap. Dei tilsette er bransjen sin viktigaste ressurs i denne tida og mogelegheitane ligg framfor oss.

Når alt kjem til alt handlar dette om endring av kultur. Me må vera på hugget og gripa sjansen når han byr seg til å finna nye mogelegheitar for verdiskaping. Me må vera kreative og heile tida på utkikk etter korleis ein kan gjera ting endå betre og endå meir effektivt. Saman med resten av næringslivet. Saman med utdanningsinstitusjonane. Saman med forskingsmiljøa.

Får ein til svar at «ja, men sånn har me då alltid gjort det», bør alle alarmklokker ringje. Samstundes skal me ta med alt det gode som har skjedd fram til no og vera audmjuke for den verdiskapinga som har vore.

Kulturendring er som å snu eit tankskip i fart. Det tek tid. Og det skal ta tid, for me kan ikkje risikera at skipet krenger og at me mister nokon på vegen. Sjekk kjølevatnet, ha nok drivstoff, sørg for god stabilitet og ha stø kurs inn i framtida.

Kjersti Nordøy, stolt stril og leiar kommunikasjon i Statoil, MMP COM Sture & Kollsnes

Les også

keyboard_arrow_up