Dette er Stormfondet-vinnarane

By 10/12/2019Nyheter
Ei nyrestaurert nothengje, ein app som skal få orden på livet ditt og delikatesse-mat av lakserestar.

Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidlar til regional næringsutvikling gjeve av Sparebanken Vest. Fondet har til saman gitt støtte til 83 bedrifter og prosjekt.

Det er bedrifter i Fjell, Sund og Øygarden som er etablert, eller er under etablering, i tillegg til prosjekt i regionen, som blir oppmoda om å søkja midlar.

Namnet «Stormfondet» blei etablert i 2018, då utdelingen blei lagt til Øygardenkonferansen.

Stolte vinnarar

Av alle søkarar i 2019 blei det tre prosjekt som skilde seg ut, og som dermed blei hovudvinnarar av midlar frå Stormfondet:

  • Hengjos Venner, Husstyret kr. 100.000,- + promoteringsvideo til en verdi av kr. 25.000,-
  • Salmoncuts kr. 100.000,- + promoteringsvideo til en verdi av kr. 25.000,-
  • IslandGarden/DiaKom kr. 100.000,- + promoteringsvideo til en verdi av kr. 25.000,-

Promoteringsvideoane blei produsert av LK Productions i Gründerparken Vest, og blei for første gong vist fram under utdelinga på Øygardenkonferanen 29. november.

Her kan du sjå filmane hovudvinnarane har fått:

Hengjo på Hellesøy er den restaurerte nothenja frå 1950-talet som sto til forfall, men som er bygd om til eit moderne fleirbrukshus. Like før tildelinga av midlar skjedde, blei det ferdige huset opna etter 5600 utførte dugnadstimar. Framover håpar og trur Hengjos Venner at huset blir ein turistattraksjon, ein møteplass, ein god plass å arrangere konfirmasjon eller bryllup med meir. Kort sagt eit fleirbrukshus full av aktivitet som skal bidra til utvikling og vekst for lokalsamfunnet.

Salmoncuts er eit eitt år gammalt firma vest på Sotra som lagar trendmat av lakseavskjær. På denne måten vil dei utnytte opp mot 97 prosent av laksen. Firmaet lagar mat til mennesker av avskjæret som for det meste går til olje- og mjøl-produksjon. Laksehovuder og buklister blir pakka, seld og sendt til Asia der det blir nytta i sushi og supper, grilla eller fritert.

IslandGarden AS blei etablert for fire år sidan med ein visjon om å tilby eit kreativt utviklingsmiljø innan digitale løysingar. Med sitt eige prosjekt, DiaKom, blei dei ein av tre hovudvinnarar av Stormfond-midlar i 2019. DiaKom er eit resultat av bedrifter, lag og organisasjonar gav uttrykk for at det var komplisert å få til ein god dialog og kommunikasjon i løysingane som allereie fins. Målet er at DiaKom skal gje den einskilde betre oversikt over alle gjeremål i kvardagen, og dermed gje meir tid.

Fire får 50 000

I tillegg til dei tre hovudvinnarane var det fire andre tildelingar av 50 000 kroner. Desse gjekk til:

  • Museum Vest Norsjøfartsmuseet
  • Vestkantsvømmerne
  • Goffa/Torvald Bakke`s Snekkerbu
  • Energimessa

Author Anders Ekanger

Flere nyheter av Anders Ekanger
Se bildene fra frokostseminaret med KPMG
Vest Næringsråd
X