Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidler til regional næringsutvikling gitt av Sparebanken Vest. Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 99 bedrifter eller prosjekt.

Kven kan søka i 2023?

  • Bedrifter lokalisert i Øygarden, eller bedrifter som har prosjekt med utspring i regionen
  • Nyskapande prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon vil bli vektlagt
  • Samarbeider de med andre aktørar om nyskapande prosjekt? Send gjerne inn ein felles søknad

Søknadsfrist

Søknadsfristen gjekk ut søndag 17. september.

Tildelinga skjer på Øygardskonferansen, fredag 10. november 2023.

Midlar og prisar

Den – eller dei – beste søknadene får laga ein profesjonell film (ca. 2 min.) med ein verdi på inntil 50 000 kroner. Videoane blir vist fram for første gong under Øygardskonferansen i november. Filmane kan brukast kommersielt og til å løfta bedrifta/prosjektet vidare.

Størrelsen på tildelte midlar utover film-vinnarane blir vurdert av juryen.

Det blir markering av alle som mottar fondsmidlar.

Juryen består av styret i Vest Næringsråd og Sparebanken Vest.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Vest Næringsråd:

Kommunikasjonsansvarleg Anders Ekanger tlf: 977 66 366

Les også:

keyboard_arrow_up