Kommentar: Dette forventar vi av dei folkevalde dei neste fire åra

edit today
Årets kommune- og fylkestingsval er over. Både i Øygarden og Vestland er forhandlingane unnagjort, og det er straks klart for konstituerande møte for nytt kommunestyre og fylkesting. Partia som har funne saman i styringsfleirtal, har lagt fram sine politiske plattformar for dei neste fire åra, og dette er Vest Næringsråd sine forventningar til dei styrande:
I Øygarden – lokalt

I Øygarden held Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, Krf og Venstre fram samarbeidet og overskrifta for dei neste fire åra er «Vilje til omstilling og styring».

Styringspartia er einige om å prioritere arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Dei understrekar det ved å opprette eit eige utval for oppfølging av arealdelen og tilhøyrande temaplanar. Etter fire år med ny kommune er det stort behov for ein felles, heilskapleg plan. Arealplanen er eit viktig verktøy for å sikre at Øygarden er ein attraktiv næringskommune. Næringslivet har forventning om tidleg involvering i arbeidet med arealdelen.

Med ønskje om å legge til rette for utvikling og grøn omstilling, meiner Vest Næringsråd at det vil vera viktig å få til ein arealplan som har handlingsrom og fleksibilitet. På den måten vil ein vera betre rusta til å møte nye behov og moglegheiter i eit langsiktig perspektiv.

Styringspartia er vidare einige om å fullføre prosjekt Næringsvenleg kommune. Næringslivet har gitt tilbakemeldingar om forbetringspunkt. Vest Næringsråd ønskjer å vera ein bidragsytar til å sikre konkrete aksjonar for oppfølging. Vi ser det som positivt at den politiske plattforma har felt ned konkrete punkt som til dømes gjeld tidsbruk og kostnadar for reguleringsplanar.

Kompetanse og arbeidskraft er eit høgaktuelt tema. Digital og grøn omstilling krev til dels ny og annleis kompetanse, og livslang læring gjennom arbeidslivet vert endå meir aktuelt. I tillegg er det forventa stort behov for arbeidskraft, både i offentleg og privat sektor. Det krev at ein gjennom utdanningsløpet finn fleksible ordningar som gjer at flest mogleg vert rusta til å møte arbeidslivet. Punktet i plattforma med satsing på eit prøveprosjekt for elevar på 9. og 10. trinn er eit bidrag til dette, men vi meiner vi treng fleire initiativ.

Vest Næringsråd ønskjer å bidra til å bygge vidare på ulike skule-næringslivsprosjekt, for å sikre kapasitet og kompetanse for framtidas arbeidskraft.

Sotrasambandet er under bygging og vi kan berre ana kva utvikling og moglegheiter det vil gje i Øygarden kommune. Gode infrastrukturløysingar er ofte grunnleggande rammevilkår for næringslivet. Det er positivt at det er lagt vekt på å prioritere ein lokal veg- og samferdselsplan og arbeid for betre kollektivløysingar i kommunen.

Det er mange måtar ein kommune kan samvirke med lokalt næringsliv. Vest Næringsråd saknar eit punkt som gjeld kommunen som innkjøpar.

Korleis kan kommunen i større grad legge til rette for at ein utnyttar handlingsrommet? Og vidare praktisere at også mindre og lokale næringslivsaktørar kan ta del i konkurransen om ulike avtalar?

Dette er nedfelt som eige punkt i den politiske plattforma til samarbeidspartia som skal styra Vestland fylkeskommune i komande valperiode.

Seks parti skal halde fram samarbeidet om å styre Vestland fylkeskommune dei neste fire åra: Stian Davies (Ap) f.v., Marthe Hammer (SV), Jon Askeland (Sp), Åsta Årøen (V), Trude Brosvik (KrF) og Nils-Anders Nøttseter (MDG). FOTO: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
I Vestland – regionalt

Det er komen inn to representantar frå Øygarden kommune i fylkestinget i Vestland komande periode. Dei skal sjølvsagt ha på seg eit regionalt blikk, men vi vågar oss på å minne om nokre viktige saker for Øygarden.

Vi har venta lenge på ny vidaregåande skule. Det er gjort fylkeskommunale vedtak knytt til ny vidaregåande skule i Øygarden.

Det er viktig at dei lokale representantane har eit ekstra blikk på oppfølging av prosessane som gjeld ny skule.

Parallelt med prosess for ny vidaregåande skule i Øygarden, er innhald i skulen ei like viktig sak å jobbe med. Arbeidslivet sine behov må vera styrande for korleis fylkeskommunen planlegg opplæringstilboda. Vi meiner fleksibilitet og fleire vegar til målet vil vera eit viktig element for å møta behovet for kompetanse og arbeidskraft. Næringslivet i Øygarden har blant anna uttrykt ønskje om ei linje etter YSK-modell, som leiar fram til både fagbrev og studiekompetanse. Dette er moment vi håpar dei lokale representantane har med seg i arbeidet sitt i Vestland fylkeskommune. Vest Næringsråd ønskjer å bidra til tett skule-næringslivssamarbeid både på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.

Lokalt ser vi at styringspartia ønskjer å prioritere ein lokal veg- og samferdselsplan. Mange av dei viktige samferdselsårene i Øygarden er fylkesvegar. Vi veit at det er fleire av desse som treng utbetring for å gje gode vilkår for næringsliv og lokalsamfunnet elles. Vidare vil saka om etablering av hamn på Ågotnes aktualisere spørsmålet om ny veg frå Kolltveit til Ågotnes. Det er mange fylkesvegstrekningar i Vestland fylke. Vi treng at våre lokale representantar i fylkestinget er med og set fokus på vegprosjekt i Øygarden.

Vest Næringsråd er ein del av Næringsalliansen som har gitt ei overordna uttale til den politiske plattforma som Ap, Sp, SV, KrF, V og MDG har laga for styring av Vestland fylke. Den uttalen kan du lese her!

Les også

keyboard_arrow_up