– Du går ut herifrå litt klokare

edit today
Nordsjøfartmuseet i Telavåg lanserte torsdag den nye filmen om dei tragiske hendingane i bygda under krigen. – Det kjennes veldig bra at vi no kan vise den.

Det seier Jenny Heggvik som er leiar av Nordsjøfartmuseet. Torsdag tok ho imot bidragsytarar, filmskaparar, informantar, museumsleiing og bygdafolket til offisiell lansering av filmen som erstattar den over 30 år gamle førre filmen.

– Den tidlegare filmen var laga så langt tilbake som i 1988, og då var det eit anna filmspråk. Vi såg mellom anna nokre gamle element som at medverkande hadde kledd seg ut og liknande. No kan vi bruke drone og få flotte oversiktsbilete over bygda, og ikkje minst bruke fleire informantar. Vi trengte ein ny film, meiner ho.

– Ta med slekt og vener!

Museumsfilmen er det første som møter besøkande på Nordsjøfartmuseet. Den er grunnlaget til å forstå utstillingane som ein ser på etterpå. Difor meiner Heggvik at det betyr mykje for dei å kunna visa ein ny meir moderne versjon.

MØRK HISTORIE: Den nye filmen dokumenterer dei tyske overgrepa i Telavåg gjennom auga til dei som var born i 1942. Eit gripande innblikk i ei av dei grovaste krigsbrotsverka på norsk jord.

– Innhaldet i filmen er den kunnskapen ein bør ha om det som skjedde her under krigen. Når du har vore her meiner vi at du går ut litt klokare. Forhåpentleg, smiler Heggvik.

Oppmodinga frå museumsleiaren til heimeferierande i Øygarden blir difor å ta med slekt og vener som kjem på besøk, og ta turen til Telavåg og sjå den nye 27 minuttar lange filmen.

– Det er jo ein historie som alle som bur i Noreg bør kjenna til. Spesielt generasjonen som no veks opp. Når dei ser krigshandlingar i andre land er det kanskje vanskeleg å tenkje at dette også har skjedd i eige land. At svært mange sivile blei tatt til fange her utan grunn, og urettmessig straffa utan lov og dom. Det er ein viktig del av det vi meiner bør vera grunnkunnskap, seier Heggvik.

NYE SOM FORTEL: Filmskapar Brita Sørli Jærnes (til venstre) i samtale med nokre av dei nye informantane i filmen, Svanhild Telle og Minda Olsen.
Fleire filmar?

Det er med støtte frå ulike aktørar, mellom anna Stormfondet 2019, som gjer at museet har fått produsert filmen. Sanden Media, med Brita Sørli Jærnes i spissen står bak. Ho er frå Kristiansand, men har røter frå Sørfjorden i Hardanger, og fekk kjennskap til Telavåg-tragedien gjennom mor si.

– Eg hugsar godt då eg for ti år sidan fekk ei bunke med brev som mor mi og tante utveksla. Då eg leste stod det: Korleis går det med telavågingane?

Dette gjorde ho nysgjerrig, og fekk ho til å leita fram krigshistoria frå Telavåg, der mødre og barn til slutt hamna på Framnes i Hardanger. I 2017 sendte NRK dokumentaren «Barna fra Telavåg – fanger av det tredje riket», laga av Sørli Jærnes.

Sjå filmen her!

– Foreløpig er det blitt to filmar, men eg har eit håp om at vi kan utvikle fleire prosjekt saman, sa Brita Sørli Jærnes då ho fortalte om produksjonen.

Fakta om krigshendingane i Telavåg:
  • 26. april 1942: Skytedramaet i Telavåg. Skotveksling mellom Gestapo-offiserar og to norske Linge-agentar. To gestapooffiserar og ein norsk agent drepne.
  • 30. april 1942: Alle menn mellom 16 og 60 år i Telavåg arresterte
  • 1. mai 1942: Resten av befolkningen arresterte
  • Mai 1942: Telavåg jamna med jorda.

(Kjelde: Nordsjøfartmuseet)

LANSERINGSMARKERING; Gitarist Nikolai H. Berge opna markeringa på Nordsjøfartmuseet med eit vakkert solonummer.

Les også

keyboard_arrow_up