– Ei eventyrleg utvikling

edit today
Kystmuseet blei treft av ein makrellstim av lovord under opninga av undervisningsbygget Taremare.

I bitande sur vind på den gamle dampskipskaien i Ovågen blei nybygget Taremare offisielt opna tysdag denne veka. Eit vakkert bygg på kaikanten der barn og unge skal bli undervist. Men også eit bygg som kan nyttast til samling og fest.

–  Det er fantastisk det du har fått til her ute, Bjørg og ditt team. Med ditt pågangsmot og den gjengen du har rundt deg, kan du få til det utrulegaste, skrytte ordførar Tom Georg Indrevik. Han var klar på at ved å bygge eit slikt lokale for undervisning viser Kystmuseet at det ikkje lenger berre er eit museum.

– Dette er ein fabrikk, eit laboratorium for korleis vi skal utvikla framtida. Eg er utruleg stolt på vegne av Øygarden kommune at vi har slike aktivitetar her ute, sa Indrevik.

Blei lova 1 million ekstra

Sjølve opninga var det fylkesordførar Jon Askeland som sto for. Askeland meiner Kystmuseet med nybygget er meir komplett og på sitt beste.

– Her blir fortida formidla, det blir gitt rom for undring og de lar barn og unge sjå inn i framtida. Den utviklinga museet har hatt her i Ovågen er eventyrleg, sa fylkesordføraren.

Kystmuseet har ansvaret for 13 bygningar og 33 tradisjonsbåtar. I tillegg til ei stor samling. Askeland kom også med budsjettlekkasjen at Museum Vest kom til å bli tildelt ein million ekstra på neste års fylkesbudsjett.

Les også

keyboard_arrow_up