Heidersprisane gjekk til…

edit today
…Ottar Vik som Årets fyrtårn, og Torsvik Elektro som Årets bedrift.

– Dette var overraskande og kjekt. Eg vil gjerne dela prisen med mine gode medarbeidar. Vi har mange gode montørar i Torsvik Elektro, sa Peder Torsvik då han blei overraska som deltakar på årsfesten til Vest Næringsråd.

Årets bedrift er en hederspris der juryen legg vekt på ei rekkje kriterier, mellom anna bedrifta si profil og omdømme. Prisen ble første gang delt ut i 1998. Siden den gong har 22 verksemder fått prisen for sitt bidrag til å styrke og utvikle næringslivet i Øygarden.

Juryen viste til den jamne «stein på stein»-bygginga bedrifta har hatt sidan starten for 40 år sidan, boosten dei fekk med arbeid på Sture-anlegget, og korleis bedrifta har vore tidleg ute med ny teknologi og effektivisering.

I tillegg:

«Bedriften er opptatt av å ta inn lærlinger, og har dermed fått bety mye for ungdommer. Hvor mange lærlinger som har vært gjennom bedriften er uvisst for oss, men det forundrer oss ikke om tallet har passert 200 i løpet av disse 40 årene.»

Torsvik Elektro har no vakse seg til å vera over 40 tilsette.

Peder Torsvik starta Torsvik Elektriske i 1982. Fredag blei han heidra for måten han driv verksemda på. Prisutdelarar Øyvind A. Langedal, styreleiar i Vest Næringsråd og Margunn Bjørnestad frå Nordea. FOTO; Jøran Ingvaldsen
Lokalpatriot blei Årets fyrtårn

Årets fyrtårn blei oppretta som heiderspris i 2018. Formålet er å heidra ein person, som enten gjennom selskap eller organisasjon har hatt ein positiv betydning for regionen.

Juryen beskriv årets vinnar som jovial, fargeklatt, nysgjerrig og strateg. Men aller mest gjennomføringssterk.

«Prosjekt du brenn for, blir gjennomført. Fleire år før ferdigstillelse kunne ein høyre deg sei at dato for åpning «var bestemt», og slik blei det. Du traff, nesten uten unntak.»

Ottar Vik var ordførar i «gamle» Øygarden då Sture-terminalen opna i 1988, og har sidan vore aktiv i politikken. Ved valet til det første kommunestyret i nye Øygarden kommune, var Vik den aller mest populære folkevalde. Ingen andre fekk fleire ekstrastemmer og slengarar frå andre partier.

«I næringslivet er det einighet om at utan deg og din utrettelege påvirkning hadde neppe verdsnyheita Northern Lights hamna i Øygarden.»

Til dette svara Vik at utan hjelp frå Oscar Eide i CCB og tidlegare ordførar i gamle Øygarden, Børge Haugetun, hadde det ikkje vorte nokon busstur til Energiparken tidlegare på dagen.

Ottar Vik måtte lokkast med til Årsfesten for å ta imot prisen Årets fyrtårn. Her saman med prisutdelarane Anders Ekanger i Vest Næringsråd og Øystein Bredholt frå SpareBank 1 SR-Bank.

Les også

Meny