I fjor var det PSW Power som slo Teknisk Industrivern i finalen. Blir det du og di bedrift i år? Påmeldinga er framleis open!

– Vi ønskjer at dette skal bli eit årleg arrangement for bedrifter og venner, der ein får felles aktivitet og sosialt samvær, seier Ronny Ekren, ein av initiativtakarane i sportsklubben også i år.
Fjorårets bedriftscup blei ein suksess, og denne gongen håpar arrangøren at endå fleire lag vil delta.
– Arrangementet i fjor var første gong, og det blei ein suksess der vi fekk mange positive tilbakemeldingar. Laga som var med i fjor sa at dei ville komme tilbake, og det ser vi at dei gjer, seier han.
Mangler eitt kvinnelag!
Fotballhallen skal fyllast opp av durabelige oppgjer mellom konkurrentar og samarbeidspartnerar i næringslivet. Akkurat no manglar arrangøren eitt lag for å få ein eigen kvinneklasse.
– Det håpar vi at vi klarar å få til, seier Ekren.
Detaljert informasjon om reglar og gjennomføring, samt påmelding finn du på denne sida!
