– Kunne fylt ein klasse med TAF-elevar

edit today
Tidlegare TAF-elev Marianne Garlid Johannessen (23) snakka varmt om det fireårige studieløpet som gir både fagbrev og studiekompetanse. Men som ein må pendla til Knarvik for å gå.

– Det er langt å reisa til Knarvik. Eg er sikker på at vi kunne fylt ein TAF-klasse på Sotra vidaregåande skule. Med dette tilbodet kan vi koma oss inn i arbeidslivet og samstundes få studiekompetanse, sa ho til dei vel femti frammøte på Vest Næringsråd sitt kompetanseseminar sist veke.

TAF eller YSK-modellen som den no heiter, er eit vidaregåande-løp som kombinerer arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei to første åra har elevane status som nettopp elev, dei to siste er dei lærling med lærekontrakt.

Fleire fagfelt kan ha TAF

Tilbodet finst på tre skular i Vestland fylke: Måløy, Fusa og Knarvik.

  • På Knarvik vgs er det tilbod om TAF innan fire retningar: bygg og anleggsteknikk, helsefag, elektrofag og teknologi og industrifag.
  • På Fusa vgs er det tilbod om TAF innan fem retningar: Helsefag, marin, mekanisk, restaurant- og matfag og automatisering.
  • På Måløy vgs er det tilbod om TAF innan tre retningar: Akvakultur, helsearbeidarfag og industriteknologi.

Sotra vidaregåande skule har aldri hatt dette linjevalet. I ei undersøking Vest Næringsråd gjorde i fjor svara to av tre bedrifter at det ville vore gunstig for dei om skulen i Øygarden hadde hatt dette tilbodet.

Rektor Olav Lee og avdelingsleiar Irene Tellnes Eide fortalde kva som skal til for å få TAF/YSK-tilbodet til Sotra vidaregåande skule. FOTO: Vigleik Brekke, Øygarden kommune
Tidlegast i 2025

Rektor Olav Lee seier at det tek tid for å få på plass eit tilbod om TAF/YSK, og ein kan tidlegast få på plass eit tilbod i Øygarden i 2025.

– Sotra vidaregåande skule vil gjerne ha dette tilbodet. Det er ein føresetnad at bedriftene forpliktar seg til å ta inn elevar og at Vestland fylke godkjenner at vi får eit slikt tilbod her ute. Bedriftsstrukturen her ute talar for at vi kan tilby dette i området vårt, seier rektoren.

Ifølgje rektoren vil eit tilbod om TAF/YSK på Sotra vidaregåande resultera i at bedriftene får motiverte og ressurssterke elevar/lærlingar. Det er dagleg leiar i Brødrene Ulveseth, Inger Kristin Ulveseth, heilt einig i.

– Blir gode fagarbeidarar

– For oss som bedrift er det veldig, veldig positivt å ha TAF-lærlingar. Desse elevane er svært lærevillige og målretta. Dei blir gode fagarbeidarar og gode ingeniørar. Det er ikkje alle som blir verande hos oss, men vi opplever at dei blir verande i bransjen, seier Ulveseth.

Vest Næringsråd fekk positive signal frå næringslivet under møtet, og skal kartlegga kor mange bedrifter som ønskjer å forplikta seg til å ta inn eventuelle TAF/YSK-elevar i eit fireårig utdanningsløp.

– Tidlegare elevar er svært fornøgde med TAF-tilbodet, og skulen her er positive. Vi jobbar vidare med å kartleggja om det er nok bedrifter i regionen vår som ønskjer å forplikta seg til å ta imot desse elevane. Gjer mange nok det, så har eg tru på at tilbodet vil passa godt med det næringslivet vi har i Øygarden, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro saman med Henrik Bakke og Inger Kristin Ulveseth frå Brødrene Ulveseth.

Les også

keyboard_arrow_up