Liegruppen kjøper teknologisenteret

edit today
7800 kvadratmeter kontorlokale, ti mål tomt og 240 parkeringsplassar. − Ei spennande investering for oss, seier Jan Arthur Nilssen i Liegruppen.

Fredag føremiddag blei det klart at Liegruppen Eiendom har kjøpt Straume Teknologisenter. Bygget inneheld kontorlokaler og fellesareal for over 300 arbeidsplassar i Straume Næringspark.

− Vi ser på dette bygget som ei arkitektonisk perle som det er veldig interessant å få lov til å eiga og forvalta, seier Nilssen, som blir dagleg leiar når eigarskiftet er fullført.

− Solide leigetakarar

Sjølve bygget er teikna av sivilarkitekt Lasse Nøstvold i Arkitektkontoret Holon. Det inneheld ein hovudfløy i nord-sør retning og tre sidefløyer mot vest. Det var Brødrene Ulveseth AS som førte opp kontorbygget i Straume Næringspark i 2007 og 2008.

− Det er eit nydeleg bygg med varige kvalitetar i betong og stein. Inne er det også fleksibelt, med auditorium og ei kantine som dei som jobbar her set pris på, seier han.

Eit tjuetals leigetakarar fyller no opp det aller meste av arealet. Største leigetakar er Acos, med nærare 150 tilsette i bygget.

− Det er solide leigetakarar som er i vekst, og som er heilt i front når det gjeld digital utvikling. Og så er det eit utruleg kjekt miljø rundt Gründerparken Vest som også er her. Vi ser fram til å bli betre kjent med alle leigetakarane, seier Nilssen.

− Glad for lokale kjøparar

Det er fleire selskap som står bak Straume Teknologisenter, og som no sel bygget. Største eigardel har Geir Nordahl-Pedersen, som er tydeleg stolt over korleis bygget framstår over elleve år etter at det var ferdigstilt.

− Det er eit fint bygg. Brødrene Ulveseth gjorde ein svært god jobb under oppføringa. No er vi veldig fornøyde med at vi har fått ein lokal kjøpar, seier Nordahl-Pedersen.

Frå å eiga bygget, går han no over til å bli leigetakar, med selskapet Losna Seafood.

− Det er forskjellig størrelse på leigetakarane, og det er veldig kjekt at dei små har tilgang på like gode fasilitetar som dei store selskapa rundt omkring. Vi har inntrykk av at folk likar seg i bygget her, seier Nordahl-Pedersen.

Liegruppen får ikkje plass

Straume Teknologisenter blir seld så å seie fullt utleigd. Vil det seie at Liegruppen sjølv ikkje ønskjer å flytte dit?

− Det er jo her nede det skjer. Med gründerpark, med eit auditorium som samlar mennekser og der Vest Næringsråd har sine treff. Så det er klart det hadde vore spennande å fått vera litt tettare på dette miljøet. Men vi veit faktisk ikkje om det er plass til oss, smiler Jan Arthur Nilssen.

Les også

keyboard_arrow_up