Ny jobbmesse for flyktningar

edit today
Manglar du arbeidskraft? Eller sommarvikarar? På jobbmessa 14. mai lovar vi du møter folk som ønskjer seg ut i arbeidslivet.

Flyktningar representerer ein ressurs for kommunen, og det er viktig at dei får kome i kontakt med arbeidslivet slik at dei kan verte sjølvhjelpne. Arbeid og språk er heilt avgjerande for å kunne lukkast i Norge, og det finns gode døme på folk som fekk jobb etter jobbmessene i fjor.

Akkurat no er det spesielt ei gruppe ukrainarar som er ferdig med norskopplæringa og som sit heime utan praksis, jobb eller tiltak frå NAV.

Kirsten Syljeset i Øygarden kommune håpar næringslivet på nytt vil bli med på jobbmesse. Foto: Vigleik Brekke, Øygarden kommune

– Mange av desse har nådd eit språknivå som gjer dei aktuelle for arbeidsmarknaden, men er blitt ufrivillige passive som sosialhjelpsmottakarar. Desse er svært klare, og vi håpar dei får kontakt med arbeidsplassar på messa, seier Kirsten Syljeset, prosjektmedarbeidar i kommunen.

Utanom denne gruppa er det ulikt kor langt flyktningane har komt i norskopplæringa. Men sjølv med mindre språkkunnskaper er dei arbeidsdyktige.

– Dei lærer språket betre ute i arbeid, meiner Syljeset.

Uavhengig av kva bakgrunn flyktningane har, er dei villige til det meste. Det viktigaste for dei er å få fotfeste i arbeidslivet.

Her er type arbeid der Nav veit dei har kandidatar klare:

  • Hotell/restaurantnæringen – mange kandidater
  • Mekanisk industri (mekaniker/sveiser etc) – nokre kandidatar
  • Anleggsgartnar – flere kandidatar
  • Bygg og anlegg – fleire kandidatar til hjelpearbeider-roller
  • Butikk – kandidatar til lagerarbeid
Info og kontaktpersonar

Tid: Tysdag 14. mai kl. 13 (Utstillarane kan komma frå kl. 12)

Stad: Grønamyrsvegen 2, Vaksenopplæringa (gamle Lieco)

Har du spørsmål, eller er interessert i å ha stand på Jobbmessa for flyktningar? Ta kontakt med:

Kirsten Syljeset
Øygarden kommune
E-mail: kirsten.syljeset@oygarden.kommune.no
Tlf: 900 23332

Ruben Misha Ellingsen
Nav Øygarden
E-mail: Ruben.Misha.Ellingsen@navo.no
Tlf: 949 87142

Les også

keyboard_arrow_up