Peder sin 16. båt på plass

edit today
Etter 12 døgns reise frå Tyrkia la nye Liafjord til kai på Liaskjæret. – Heilt fantastisk for meg å sjå, seier Peder Lie.

Sola smaug seg opp over horisonten. Gjorde folk på kaia raude i andleta. Reiarlaget sin største båt, Libas, låg allereie klar og venta ute i Kobbaleia som ein nyforelska beilar. Fløyta ivrig, og gleda seg til å legga seg inntil den 15 meter kortare nykommaren frå Syden.

– Det er jo litt emosjonelt når ein ny båt endeleg kjem heim. Det er tre år sidan båten blei kontrahert, og det er mykje reising og mykje papirarbeid før alt er klart. Her ser det ut til at Cemre (det tyrkiske verftet) har gjort ein bra jobb, konkluderer Peder Lie, mens han ser nye Liafjord legg til kai.

Jule- og nyttårsfeiring ombord

71 meter lang og 15 meter brei, mot Libas sine 86×18 meter. Liafjord erstattar båten med same namn som Liegruppen selde for nokre år sidan. I mellomtida er det Libas som har fiska gamle Liafjord sine kvoter. Frå slutten av januar er det nyebåten som skal fiska dei pelagiske kvotene på sild, makrell, lodda og kolmule.

– Prinsippa er dei same, men nye måtar å gjere ting på. Til dømes er trykk-knappar byta ut med touch-skjerm, fortel skippar Johannes Arve Økland.

Han er ein av åtte som har følgt båten frå Tyrkia 21. desember til Liaskjæret 2. januar. Både jule- og nyttårsfeiringa om bord.

– Det har gått veldig fint heile vegen. Då vi nærma oss norskekysten fekk vi riktig nok storm inn frå sida i 4-5 timar. Men det gjekk veldig bra. Båten slingra ikkje, berre duva opp og ned, fortel Økland.

– Ein god arbeidsplass

Dagleg leiar Bjarne Haldorsen har vore med nye Liafjord frå skisser på teiknearket til overleveringa like før jul.

– Dette er verdens første fiskebåt med wavefoils. Det er vinger vi kan ta ut framme som sparer oss for ti prosent drivstoff, og dermed senkar utsleppa med ti prosent, forklarer Haldorsen, som etter noko meir papirarbeid trur båten er ute på havet i innsats i slutten av januar.

– Dette blir ein effektiv fiskebåt, og ein god arbeidsplass for mannskapet, seier han.

Les også

keyboard_arrow_up