13. – og 14. mars vil det yra av skaparlyst på Sartor Storsenter når rekordmange skular er klare til å stilla ut sine framtidsløysingar på Energimessa.
– Det er rekordmange som har registrert seg til årets messe. Akkurat no ser det ut til at det blir nærare 15 stands, det er dobbelt så mange som i fjor, fortel prosjektleiar Andreas Nordeide.
Alle skular i kommunen er invitert til å visa fram sine løysingar for framtida. Mellom dei påmeldte er barne- ungdomsskular frå nord til sør, og den vidaregåande skulen. Det viser at vi verkeleg begynner å bli den storkommunen som var ønska.
– Det viser også at skulane er veldig påkopla det som skjer i det grøne skiftet og det lokale kompetansebehovet. Det er veldig flott at dette stillast ut slik alle får anledning til å sjå arbeidet som elevane har lagt ned, og det ikkje forblir ein skjult skatt ute på skulane, meiner Nordeide.
Stikkorda for årets utstillingar på Energimessa 2024 er:
- Fornybar energi
- Redesign
- Resirkulering
- Matreddar
- Sirkulær økonomi
I år skal messa foregå i området ved Baker Brun.
Dette skal skje:
Onsdag 13. mars kl. 12:
- Opning ved ordførar Tom Georg Indrevik og konferansier Kjellemann
- Vitenshow
- Stands til kl. 19
Torsdag 14. mars kl. 11:
- Kommunedirektør Johnny Breivik deler ut prisane: mest innovative stand (sponsa av DNB), best utforma stand (sponsa av Sparebanken Vest) og mest publikumsvenlege stand (sponsa av Equinor)
- Vitenshow
- Stands til kl. 16
ENERGIMESSA 2024 ER SPONSA AV:
HOVUDSPONSORAR:
ANDRE SPONSORAR: