Slik snur dei opp ned på livet til ungdommane

edit today
I haust kjem det femte kullet med elevar til Dale Oen Academy. Ungdommar som manglar retning, mot og sjølvtillit, og som etter ni månader her har fått nettopp dette. Korleis skjer det eigentleg?

– Mange opplever at ungdommane som går ut herifrå ikkje er dei same som dei som kom inn ni månader tidlegare.

Det er ikkje å overdriva. Det er ikkje sjølvskryt. Det er resultata akademiet nord i Øygarden kan vise til. Etter oppstarten i 2019 har ni av ti reist frå Kjetil Nordås og gjengen, og starta på utdanning eller gått inn i arbeidslivet.

Dei siste tre åra har dei også testa ungdommane når dei startar på akademiet, etter at dei er ferdige og eitt år seinare. Faktorane framtidstru, meistringsforventning, sjølvbilde og lykkekjensle stig med mellom 60 og 150 prosent frå start til slutt, og held seg godt stabilt eitt år etter.

– Det er nok dette vi er aller mest fornøgd med. Det fungerer. Og endringa varer, seier dagleg drivar Sølvi Fjeld Bjorøy.

– Om dei kjem hit og får eit fantastisk år, og alt er tilbake til det same som før når dei er ferdige her, då har vi feila. Då har vi ikkje nokon funksjon. Målet er at dei skal ut i arbeid eller utdanning, og det er det vi har litt dryg god statistikk på, fortel Nordås, den pedagogiske leiaren og konseptutviklaren.

Veldig få som kjem hit veit kva dei er gode på, men dei aller fleste synest å vite kva som er gale med dei.

Kjetil Nordås

Dei er ikkje så overraska, men mange er. Særleg Oppdagarane sine næraste. Oppdagarane er det dei kallar elevane sine.

Men kva er det som er så spesielt med pedagogikken på akademiet? Korleis får desse vaksne det til når andre vaksne ikkje strekk til?

Alvorspraten om opplegget

Vi set oss ned med Nordås og Fjeld Bjorøy. Vi sit ute på ein benk under gråe skyer. Dei snakkar lågmælt og grundig. Tydeleg og klart. Vi må finne ut av dette. Korleis klarer dei skape «nyfødde» ungdommar berre i løpet av eit ni månader langt «svangerskap»?

Hovudmåla deira med akademiet er tredelt:

  1. bygga karakter. Hjelpa ungdommane til å finna styrkene sine og bli bevisste på kva dei får til, og kan bruka vidare i livet.
  2. bygga sjølvtillit og sjølvkjensle. Legga ny grunnmur på huset. Det er det som hindrar dei fleste som kjem hit. Dei har ikkje tru på seg sjølv og framtida.
  3. få dei ut i arbeid eller utdanning.

Påpeik kva dei kan, kva dei har lært og kva dei meistrar. Då strekkjer dei seg. Viss du heile tida påpeikar kva dei ikkje kan, då får dei etter kvart veldig lite til.

Sølvi Fjeld Bjorøy

Å samle 15 ungdommar, der mange av dei ikkje har klart å fungere i samfunnet, kan synast som oppskrifta på kaos. Særleg sidan dei skal byggje kvarandre opp og bu saman. Likevel erfarer dei at det går bra. Veldig bra.

Ungdommane kjem dit fordi dei er motiverte for å utvikla seg. Til å bli ein betre versjon av seg sjølv. Dessutan blir dei møtt av vaksne som er villige til å strekke seg langt for at kvar enkelt skal bli lytta til, tatt på alvor og kjenne seg sett. Då vert forventningar og krav noko ein søkjer, i staden for å unngå.

– Eg blir fascinert over kor enorm vaksenkapasitet dei har, og kor undervurdert dei har vore av mange. Dei har gjerne hatt vaksne rundt seg som har fortalt kva som er gale med dei, kva begrensningar dei har og kva dei treng hjelp til. Veldig få som kjem hit veit kva dei er gode på, men dei aller fleste synest å vite kva som er gale med dei, seier Nordås.

Planleggingsdag i gjørma

Lesepause: Slik ser ein planleggingsdag ut hos Dale Oen Academy. Her er leiarar og instruktørar samla frå heile landet. Akademiet held no til i Øygarden, Oslo og i år for første gong i Ålesund. Saka fortset under bilda…

Sølvi Fjeld Bjorøy trekkjer fram det å vera open og ærleg. Vi har alle ein ryggsekk med oss. Å la andre sjå i den ryggsekken er nøkkelen til tillit i gruppa. Først då kan vi bli kjende med kvarandre, ikkje berre den vi latar som vi er. Alt, små og større ting blir tatt opp med ein gong.

Ikkje skap forventning om at ungdommen skal bli slik som du har bestemt at dei skal bli.

Kjetil Nordås

Ingen situasjonar ligg og ulmar og utviklar seg til noko som til slutt blir ein stor sak.

– Dette kan opplevast utfordrande i starten, men blir eit viktig premiss for tryggleiken i gruppa. Baksnakking og negative antakingar er det nær sagt fritt for her. Når ein feil har skjedd skal vi faktisk feire det, fordi då kan vi forstå kvifor det skjedde og læra av det. Når vi feirar feila våre slepp dei litt og litt frykta for å mislukkast, forklarar Nordås.

Gir aldri skryt til den raskaste

Eitt av hovudprinsippa på akademiet er at ungdommane aldri får skryt for sjølve prestasjonane sine i dei ulike aktivitetane. Dei konkurrerer gjerne, men frå dei vaksne er det ikkje den raskaste eller sterkaste som får ros.

– Dette handlar om karakterstyrker. Vi jobbar etter prinsippet: «Catch them in character», nemleg å oppdage kvarandre sine karakterstyrker. Det er vår jobb som vaksne her å leggja til rette for at dei får møte utfordringar, men så skal vi gjennom refleksjon få dei til å skjønna kva dei kan læra av det.

Det verste for dei er kombinasjonen av mas frå nokon som skal vite alt, og irettesettingar og råd om at ein burde løyst problemet annleis.

Kjetil Nordås

– Vi påpeikar heller aldri negative ting. Det er noko som eg som lærar forsøkte, og ikkje fekk til, eg som forelder prøver, men ikkje får til. Men på grunn av dei rammene vi har her så går alle ungdommane gjennom eit år der dei ser tilbake og kan seia at dei aldri fekk kjeft for noko dei ikkje klarte å få til. Då fortel vi heller kva dei andre fekk til i den vanskelege situasjonen. Dermed jaktar dei heile tida på å bli fanga i det positive. Den jakta på å kjenna meistring gjer at dei utviklar seg utruleg kjapt, forklarar Nordås.

Større behov for slike tilbod etter pandemien?

– Er det like stort behov for Dale Oen Academy no som før pandemien?

– Ja, verkeleg, seier Kjetil Nordås.

Det er tydeleg at korona-tida ikkje har vore ei god tid for mange unge.

Det er ikkje ungdommen sitt ansvar å halda deg som vaksen involvert i sitt liv. Det er ditt ansvar å involvera deg.

Sølvi Fjeld Bjorøy

– Seinast i dag tidleg såg eg på elevundersøkingane som tar for seg mobbing, at det har gått opp det siste året i Øygarden kommune. Me merkar det på at mange har ein liten omgangskrets, og at den omgangskretsen dei har gjerne er flyktig. Mange slit med å etablere djupe relasjonar til andre. Det merkar vi her, mange har kjent seg utafor, fortel han.

Sølvi Fjeld Bjorøy fortel om manglande sosial kompetanse. Heimeskule og korona har påverka det å komma til tida, følgje eit system og å halde ut.

– Dei må øva seg på samfunnet igjen på ein annan måte enn før. Dei flyt meir. Det blei lov å gøyme seg bak skjermen med kameraet av. No treng dei å læra seg mykje på nytt.

– Ikkje minst er det mykje tom kommunikasjon. Blant anna ser vi at det ikkje er vanleg å svare på meldingar. Dei er vant til å snappe bilder av skotuppane eller taket og er ikkje så godt trent i kommunikasjonen dei treng i arbeidslivet. Heldigvis kan dette lærast, og det på ganske kort tid, seier Nordås.

Klarer du kunststykket å skape eit klima i heimen der ungane kan komma til deg, har du gjort veldig mykje riktig.

Kjetil Nordås
Tre råd til foreldre

Vi må avslutta, men har ei siste utfordring til akademi-leiarane. Dei har fortalt om ungdommar som kjem til dei blotta for sjølvtillit, og eit labert nettverk rundt seg. På vegne av alle familiar som har tenåringar rundt seg, måtte vi berre spørja:

– Kva tre råd vil de gje til foreldre som har ungdommar i hus?

Dei tenkjer på det nokre sekund før Sølvi starter:

Råd nummer 1:

– Skryt av ungane dine. Ekte skryt. La dei få utvikla seg til det dei er gode på. Gje dei meistringskjensle. Påpeik kva dei kan, kva dei har lært og kva dei meistrar. Då strekkjer dei seg. Viss du heile tida påpeikar kva dei ikkje kan, då får dei etter kvart veldig lite til, svarer ho.

– Ikkje skap forventning om at ungdommen skal bli slik som du har bestemt at dei skal bli. Dei må oppdaga og finna den vegen sjølv. Alt du som forelder skal gjera er å leggja til rette for at dei sjølv kan oppdaga og finna ut kven dei er. Ikkje at du skal fortelja kven dei er.

Råd nummer 2:

– Involver deg. Det er ikkje ungdommen sitt ansvar å halda deg som vaksen involvert i sitt liv. Det er ditt ansvar å involvera deg. Du må ikkje gje opp sjølv om du har ein ungdom som ikkje vil fortelja ting til deg, seier Sølvi, før Kjetil fortset:

– Mange foreldre får litt panikk når ungane ikkje fortel noko. Men er det ein ting eg har lært av ungdommane som går her så er det at mas frå vaksne er det mest avvisande dei opplever. Det verste for dei er kombinasjonen av mas frå nokon som skal vite alt, og irettesettingar og råd om at ein burde løyst problemet annleis. Her forsøker vi å vise at vi er her for dei, at vi er villige til å lytte og at vi kan gi råd om dei ynskjer det. Fleire ungdommar har ein mistillit til vaksne, så dette er ei tålmodsøving der det er ungdommen sjølv som bestemmer tempoet, ikkje oss. Prøv å gjer det. Klarer du kunststykket å skape eit klima i heimen der ungane kan komma til deg, har du gjort veldig mykje riktig.

Råd nummer 3:

– Ver saman med ungdommen. Bruk tid på dei. Det er då det skjer. Det er då dei blir trygge til å snakke om ting. Tenk at du er heldig som skal køyre til fotballkamp, og ha tre jenter i baksetet. Det er utruleg kva dei kan spørja om, seier Sølvi.

– Det er når vi padlar, når eg får med meg ein kar for å henta opptenningsved, eller når vi sit rundt bålet, at det skjer. Fordi fokus er ikkje på at eg skal finne ut noko om deg, men fordi vi skaper ein relasjon saman som opnar opp for openheit og gjensidig tillit. Vi vaksne kan aldri oppnå det utan å sjølve vere opne omkring eigne utfordringar og det som har prega våre eigne liv. Tillit er å vise og få samtidig, ikkje forvente at den andre skal vise og du skal få. Om 50 prosent av samtalen handlar om kajakk, 40 prosent om ei felles interesse for dataspel og 10 prosent om lav sjølvtillit grunna mobbing, har ein oppnådd uendeleg mykje meir enn 100% spørsmål og null prosent svar, meiner Nordås.

Les også

keyboard_arrow_up