Tredje minister på rad

edit today
For tredje år på rad planlegg Vest Næringsråd Øygardskonferansen. Og for tredje gong får vi besøk frå regjeringa.

I 2018 var det Monica Mæland som kom, i 2019 var det Erna Solberg som kom. I år planlegg vi å ta imot Olje- og energiminister Tina Bru.

– Det er utruleg kjekt å få ja frå regjeringsmedlemmer. No har dei stilt opp kvart år, og det tek vi på som eit kvalitetsteikn på konferansen, seier Rikard Toft Ledang.

Det er Vest Næringsråd som arrangerer Øygardskonferansen med støtte frå kommunen, og fleire andre samarbeidspartnerar. Programmet for årets konferanse blei lansert under Septembertreffet torsdag denne veka, og påmelding er no open.

Programmet

Temaet denne gongen er «Vi byggjer Øygarden». Ein paraply-tittel for eit program som handlar om å byggje både kommune, byggje hus, byggje by, byggje mennesker og byggje identitet.

For det skal skje mykje byggjing i åra som kjem. Fram til 2050 skal innbyggjartalet i Øygarden auka frå 38 000 til nærare 50 000.

– Då er det viktig at vi også har arbeidsplassar i kommunen, slik at folk kan både bu og jobba her, sa ordførar Tom Georg Indrevik, då han var med på lanseringa av programmet.

Sjå detaljane i programmet her!

Smittevern

På grunn av smittesituasjonen i Noreg blir årets planlegging og gjennomføring spesiell. Panorama Hotell & Resort har allereie sett opp ein bordplan som viser korleis arrangera konferansen innanfor dei smittevernreglar som no er gjeldande.

Smittetiltaka er under planlegging, men til no er vi samde om å:

  • Registrering utan trengsel i lobbyen
  • Bord i konferansesal med 2 meters avstand
  • Minst 1 meters avstand mellom sitteplassar
  • Fast plass gjennom heile dagen
  • Kaffe, sprit, vatn og frukt på alle bord
  • Lunsjtallerken blir servert ved bordet i salen

Les også

keyboard_arrow_up