Trygg på at HavExpo er komen for å bli

edit today
– Det var denne andre gongen vi arrangerer messa at vi som arrangørar måtte bevise at vi kunne levera. Det opplever eg på tilbakemeldingane at vi har klart.

Messegeneral Dan Christensen står i 2. etasje i den mest påkosta standen under HavExpo. 270 bedrifter frå fiskeri- og havbruksnæringen har fylt opp 10 000 kvadratmeter med utstillingsplass i tre dagar.

– Samanlikna med messa for to år sidan har vi litt færre utstillarar. Men omtrent alle dei som er her har gått opp i areal, og lagt mykje meir i utforming av standane, meiner Christensen.

Med andre ord er HavExpo blitt ei stilig messe der det er tydeleg at bedriftene satsar større på å vera synlege.

Mandag var det registrert 4153 besøkande. Tirsdag 7467 besøkande. Allereie før messa starta hadde dei seld 5000 inngangsbillettar. Christensen er ikkje i tvil om at HavExpo er komen for å bli.

– Eg er sikker på at dette skal utvikla seg vidare til å bli den viktigaste møteplassen for fiskeri- og havbruksnæringa. Og då er det ekstra gøy at det skjer i Øygarden, seier Christensen.

Les også

keyboard_arrow_up