Unik sjanse til å sjå anlegget frå innsida

edit today
Søndag opnar Northern Lights anlegget i Energiparken for publikum, vel eitt år før alt skal vera klart.

– Det har skjedd mykje her siste året, og no ser vi konturane av anlegget slik det blir, fortel kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy.

Ho håpar mange i Øygarden har lyst til å ta turen søndag 23. april mellom klokka 12 og 15. Då står dei tilsette klare til å vise rundt og forklare, både på visningssenteret og inne i sjølve anlegget.

– Det er viktig for oss å vera tilgjengelege, og at dei som er rundt oss skal få sjå og forstå kva vi held på med. Dette er verdas første anlegg av denne sorten, så det er naturleg at folk har spørsmål, seier Nordøy.

På open dag i fjor var det 250 besøkande. Denne gongen håpar Nordøy på endå fleire nysgjerrige.

– Det har skjedd utruleg mykje sidan i fjor. Eg trur kanskje dei som var her då ikkje vil kjenna seg heilt igjen, seier ho.

Kaia der skip med flytande Co2 skal leggja til er klar. Dei 40 meter høge tankane for mellomlagring er på veg. Tre av tolv tankar er på plass denne veka.

– Visningssenteret er også ferdig og opent. Senteret er ein del av Langskip-avtalen. Vi skal fortelja om prosjektet, slik at andre skal kunna følgje etter og gjera det same, seier Nordøy.

Her ser du video fra 13. oktober i fjor, då Statsminister Jonas Gahr Støre opna visningssenteret:

Les også

keyboard_arrow_up