– Vi er stolte av det vi har oppnådd

edit today
NovuMare har gått frå tre til åtte tilsette på seks år. Sist veke inviterte bedrifta til open dag i flunkande nye lokaler.

– Vi gjer jobben vår ute, ikkje på kontoret, derfor klarte vi oss fint med mindre plass. Heilt til vi sat der alle saman ein dag, smiler dagleg leiar Odd Gunnar Jørgensen.

Han har flytta seg sjølv og dei tilsette eit par hundre meter frå Straume Teknologisenter. No har dei tilsette kvar sine kontorplassar i tillegg til at dei har kurslokale og stor lagerplass til utstyr.

Ny avtale med Kystverket

NovuMare blei starta i 2017 av Jørgensen, Rune Holmen og Håkon Mikael Ones. Dei etablerte seg i Gründerparken Vest. Bedrifta jobbar med beredskap mot akutt forureining inn mot fleire bransjar. I tillegg har bedrifta rammeavtaler med Equinor og Kystverket.

Dei tre siste åra har NovuMare også hatt oppdrag for Handelens Miljøfond med å rydde Noreg for boss langs kysten.

– På mange måtar er vi no eit etablert selskap. Vi har kome over ein litt kritisk masse både når det gjeld tilsette og arbeidsmengde, som gjer at vi har ei relativt trygg drift, meiner Jørgensen.

(Klikk på – for større bilde)

Han veit det blir noko færre ryddeoppdrag neste år, men samtidig har han nyleg signert ei ny fire år lang rammeavtale på 17 millionar kroner med Kystverket.

– Difor er vi ganske trygge på at vi skal klare å halde aktivitetsnivået og talet på tilsette på same nivå som no, seier han.

Ikkje berre flaks

Dei tre gründerane har opplevd ein sjeldan rask vekst frå oppstarten for seks år sidan. Mykje takka vere ein pangstart med oppdrag etter skipskollisjonen utanfor Stureterminalen i november 2018.

– Vi har vore heldige, men også dyktige. Vi traff godt i marknaden då vi starta, og Helge Ingstad-hendinga kom rett i fanget på oss. Den gav oss eit løft. No har vi komt endå lenger, og er stolte av det vi har oppnådd. Vi er eit veletablert, seriøst selskap som leverer til tunge aktørar som stiller høge krav til oss, fortel Jørgensen.

Les også

keyboard_arrow_up