– Vi har all grunn til å vera nøgde med møtet

edit today
Tysdag la kommuneleiinga og Vest Næringråd fram tilstandsrapport for hordalandsbenken på Stortinget.

Det handla om samfunnsdelen til kommuneplanen, næringslivet og kollektivtransport då leiinga i Øygarden og Vest Næringsråd møtte stortingsrepresentantane frå Hordaland tysdag ettermiddag.–

– Vi har all grunn til å vera nøgde med møtet vi fekk med representantane, seier ordførar Georg Indrevik.

I tillegg til ordførar deltok gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, kommunedirektør Johnny Breivik og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang. Leiar av Hordalandsbenken, Ove Trellevik (H), ønskte delegasjonen frå Øygarden velkomen til Stortinget.

Samfunnsdelen og kø

Ordføraren gav representantane på Hordalandsbenken innføring i den nyleg vedtekne samfunnsdelen til kommuneplanen. Rikard Ledang hadde ansvaret for å orientera om næringslivet.

– Det er mange gründerar i regionen, og for tida er det nesten ikkje ledig arbeidskraft. Ei viktig satsing for kommunen er å få realisert ein ny vidaregåande skule. Vi har eit stort potensiale i det som skjer i Energiparken, men vi treng også næringsareal i andre delar av kommunen, sa Ledang som minna om at det er manglande kapasitet på kraftforsyning i regionen.

Marianne Sandahl Bjorøy viste til utfordringa med auka kø i trafikken til og frå Øygarden, særleg i rushtida.

– Vi gjennomførte nokre tiltak i 2016, men framleis må biltrafikken reduserast. Vi er ein del av byvekstavtalen, og vi ser for oss ei prøveordning med gratis kollektivtransport der vi treng hjelp frå både fylkeskommunen og staten, sa ho.

Vil omdisponera Miljøløftet

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at kommunen føreslår ei omdisponering av dei rammene det er sett av til trafikktiltak i Øygarden i Miljøløftet.

– Vi kan verta dei første i Noreg som innfører ei ordning med gratis kollektivtransport. I tillegg ønskjer vi å gjennomføra ein haldningskampanje om å reisa kollektivt og etablera eit minibussystem, sa ordføraren. Ifølgje ordføraren kan kostnaden med prøveprosjektet med gratis kollektivtransport koma på rundt 60 millionar kroner.

For Øygarden er det viktig å få signal frå Stortinget om at ein del av midlane i Miljøløftet som skal gå til trafikkprosjekt i Øygarden, kan nyttast til prøveprosjektet med gratis kollektivtransport.

Mykje av drøftinga med stortingsrepresentantane handla om kollektivtransport og det føreslåtte prøveprosjektet Øygarden no lanserer.

Les meir om prøveprosjektet her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Hordalandsbenken. Frå venstre; Erna Solberg (H), Nils T. Bjørke (Sp), Lubna Jaffery (A), Ove Trellevik (H), Linda Monsen Merkesdal (A), Sveinung Rotevatn (V), Marianne Sandahl Bjorøy, Hans Inge Myrvold (Sp), Tom Georg Indrevik, Rikard Ledang, Peter Frølich (H) og Johnny Breivik.

Les også

keyboard_arrow_up