Mange av dei første ukrainske flyktningane som kom til Øygarden i fjor har lært seg svært godt norsk.
Einingsleiar for Øygarden vaksenopplæring, Nina Håvik Pettersen, beskriv resultata frå sommarens norskprøve med eitt ord: Fantastisk.
– Resultata til desse første som kom er veldig bra. Over halvparten av dei som kom først til kommunen er klare til å komma seg i arbeid, viss ein legg språk til grunn. Dei har lært seg norsk utruleg fort, fortel ho.
Tysdag 26. september blir det arrangert ei ny jobbmesse for flyktningar. Ti fekk seg jobb etter messa i mai, og då blei det raskt avgjort at det måtte til fleire slike sjansar.
- Les også: Ingen tvil om jobb-lysten
Saman med NAV, Vest Næringsråd og Øygarden næringsutvikling inviterer Øygarden kommune bedrifter til å bli kjent med alle flyktningar som bur her, og prøve å finne ein god match.
Nav si kartlegging syner at flyktningane har arbeidserfaring og kompetanse som truleg kan vera til nytte i Øygarden.
Til dømes:
- Reknskap
- Pedagogar
- Juristar
- Turisme/overnatting/reiseliv
- Kantine
- Fabrikkarbeid
Flyktningane stiller på messa med CV og er klare til å snakke med bedrifter om moglegheitene.