Etter 40 søknader fekk han napp

edit today
For eit år sidan sto ukrainske Yevhen Herman på Septembertreffet i Vest Næringsråd og fridde på engelsk til næringslivet om jobb. No snakkar han norsk og er i arbeidspraksis hos TechnipFMC.

– Det er veldig bra, og veldig interessant. Eg byrja i TechnipFMC for tre veker sidan og merkar at eg blir kjent med arbeidsplassen og menneska der på ein heilt annan måte, fortel 32-åringen, med arbeidserfaring frå leverandørindustri til olje- og gass.

Ved sida av å gå på norskkurs har han brukt tida på å lese om ulike bedrifter på nett. Han skreiv og sendte 40 søknader før han fekk telefonen som var ei innkalling til eit digitalt jobbintervju. No er han inne i eit tre månaders engasjement som han håpar blir forlenga.

– Ja, eg håpar. Å lese om bedriftene på nett er ein ting, men ein forstår så mykje meir når ein får lov til å komme og vere inne i ei bedrift, meiner han.

– De tek samfunnsansvar!

Jobbmessa denne veka fekk rundt hundre flyktningar til å stimle saman i vaksenopplæringa sine lokaler på Straume. 12 bedrifter stilte seg opp med stand, og seks bedrifter arrangerte speed-dating med kandidatar.

– På vegner av Øygarden kommune vil eg takka næringslivet og alle bedrifter som stiller opp på jobbmessa. De viser eit godt samfunnsengasjement. Eg vil også takka alle dykk som har kome for å få informasjon om dei moglegheitene de har til å få jobb, sa varaordførar Torill Selsvold Nybord, som sto for opning av jobbmessa.

Messa var ei oppfølging av tilsvarande som blei arrangert i mai, der rundt ti flyktningar fekk kontaktar som gjorde at dei fekk seg ein jobb. Målet er at også denne gongen skal nokre av dei finne sin match.

Satser på fleire jobbmesser

Fram til i dag er nær 140 ukrainarar busette eller på veg til å bli busett i Øygarden. Kommunen har vedtatt å busetje 240 flyktningar. Det betyr at det kan komme rundt 100 til før årsskiftet. Det er ein av grunnane til at kommunen har bestemt å forlenga «Prosjekt Ukraina» ut 2024.

– Det er vi i prosjektet glade for. Her vil framover bli fleire kandidatar som vil trenga ein jobb, og vi går med tankar om nok ei jobbmesse på nyåret, fortel prosjektleiar Monica Pedersen.

Jobbmessa er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling, Nav og Vest Næringsråd.

Les også

keyboard_arrow_up