Har du forslag til heidersprisane?

edit today
Kva bedrift bør bli «Årets bedrift», og kven fortjener å bli «Årets fyrtårn» 2023? No har du sjansen til å komme med forslag.

Heidersprisen «Årets Bedrift» er ein tradisjonsrik pris med 25-årsjubileum i år. Kvart år har vinnaren vore med og styrka og utvikla næringslivet i regionen. (Sjå lista over alle tidlegare vinnarar nederst på sida)

Juryen består av styret i Vest Næringsråd, og dei skal gjera ei helheitsvurdering der følgjande ligg til grunn:

• Bærekraft
• Utvikling og lønsemd
• Serviceinnstilling
• Produktutvikling
• Sal/marknadsføring inkludert eksport
• HMS og kvalitet
• Profil og omdømme

Prisen blir delt ut på årsfesten til Vest Næringsråd, fredag 10. november på Panorama Hotell & Resort.

I 2022 var det Ottar Vik som blei kåra til Årets Fyrtårn. Foto: Jøran Ingvaldsen
Fyrtårnet – personprisen

Heidersprisen «Årets fyrtårn» blei første gong delt ut i 2018. Formålet er å heidre ein person, som anten gjennom selskap eller organisasjon har hatt ein spesiell positiv betydning for regionen.

I 2018 var det Kåre Bjorøy som blei heidra, medan prisen i 2019 blei delt mellom dei tre ordførarane Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun, som slo saman dei tre kommunane. I 2020 fekk Sotra Gruppen-gründer Jarle Vindenes prisen, medan primus motor for Krafttak mot kreft, Hans Jarle Einarsen fekk prisen i 2021. I 2022 var det Ottar Vik som blei heidra.

Her er alle tidlegare prisvinnarar av Årets bedrift:

  • 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
  • 1999: Coast Center Base
  • 2000: FMC Kongsberg Subsea
  • 2001: Blom Fiskeoppdrett
  • 2002: Radio Sotra
  • 2003: Sotra Marine Produkter
  • 2004: VEX-Gruppen
  • 2005: Liegruppen
  • 2006: Sartor Storsenter
  • 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
  • 2008: Straume Næringspark
  • 2009: Sotra Fiskeindustri
  • 2010: AGR Field Operations
  • 2011: Turbuss Vest
  • 2012: Coast Center Base
  • 2013: Telle Gruppen
  • 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
  • 2015: ACOS
  • 2016: Kystmuseet i Øygarden
  • 2017: Cornelius sjømatrestaurant
  • 2018: Sotra Bil
  • 2019: Straume Mesterbygg
  • 2020: Fabtech
  • 2021: Zinken
  • 2022: Torsvik Elektro

Les også

keyboard_arrow_up