– Heilt avgjerande at skulen heng med på utviklinga

edit today
Utanfor, i mediespaltene ropar foreldre og forståsegpåarar om for mykje skjermbruk i skulen. Inne på Digg Læring-konferansen blei skulen i Øygarden hylla for å brøyta veg for andre.

– Kunstig intelligens (KI) skal ikkje ta over undervisninga, men det å leike med det, bruke det som en fagleg sparringspartnar kan vera kjempegivande, seier Simen Spurkland.

Han er lærar, høgskulelektor og forfattar, og held foredraget: «Jakten på ekte intelligens i kunstige tider – å være lærer i en digital jungel» på konferansen. I salen sat 430 lærarar, skuleleiarar og kommunetoppar frå heile Vestlandet og lytta.

Spurkland tok for seg motstanden han opplever rundt bruk av digitale verktøy i skulen, og løfta fram kor viktig det er at skulen ikkje blir hengande etter næringslivet og resten av samfunnet.

Driv samfunnet framover

– Det er heilt avgjerande og heilt openbart at skulen må henge med. Vi skal ikkje innføre kunstig intelligens berre fordi det finns. Vi må finne ein balanse. Men viss vi ikkje begynner å lukte på kva det kan bety og korleis det ser ut, då aukar vi aldersgapet. Vi veit at elevane våre i dag kjem til å bruka KI som vaksne, og då må dei på ein eller annan måte læra seg å forholda seg til det i trygge rammer, meiner han.

Spurkland kallar det «våge-kompetanse». Han meiner utfordringane rundt relevans og motivasjon i skulen vil bli større viss ein nektar å ta litt i verktøy som kan virke overveldande og litt skumle.

– Vi må tørre å prøve innafor dei trygge rammene vi skaper. Tørre å prøve ting som vi ikkje heilt veit kor vi landar, og akseptere at vi går på trynet ein del gongar. Vi ønskjer jo at elevane skal gjere feila i klasserommet saman med oss. Læringa ligg i å forstå kvifor vi «tryna», og unngå det neste gong, utdjupar han.

– Eg veit ikkje kor kraftig eg skal ta i, men når det blir sagt at vi må drive med vurdering med penn og papir for å unngå juks, då gjer vi oss lærarar overflødige. Då vil eg påstå at vi ikkje bidrar til å driva samfunnet framover, meiner Spurkland.

Advarer mot grøftedebatt

Det er ni år sidan Knappskog skule starta satsinga på digital undervisning. Initiativtakar Ingvild Vikingsen Skogestad har gått fremst, og står dermed også lagleg til hogg for motstandarane.

– Denne konferansen er eit forsøk på å få ein meir edrueleg debatt. Vi kan ikkje diskutere skjermtid, vi må diskutere kva som er god skjermbruk, meiner ho.

Vikingsen Skogestad meiner debatten om skjerm og mobilbruk i skulen har hamna i den eine grøfta, sjølv om lærarane prøver å halde seg midt på vegen. Eksempelet er debatten rundt mobilforbod i skulen. Ein debatt som gir inntrykk av at det florerer med mobilar i norske klasserom.

– Det stemmer ikkje. Mobilen ligg i sekken eller i mobilhotellet i klasserommet på fire av fem skular i Noreg. Også før mobilforbodet, forklarar ho.

– Eg trur ikkje du finn ein lærar i Noreg som vil kaste alle bøkene ut av skulen og som er hundre prosent digitaloptimist. Vi lærarar skjønar at det er både òg. Vi må finne den gode bruken av digitale verktøy, meiner Vikingsen Skogestad.

Lagt merke til i England

No er ho tilsett i 20 prosent stilling i administrasjonen i kommunen, saman med oppvekstsjef Marius Sylta, for å sørga for at alle grunnskular i Øygarden heng med digitalt.

– Knappskog skule er bokstavelig talt eit fyrtårn i denne samanhengen. Eg var på verdas største ad tech-konferanse i London for eit par veker sidan, og Øygarden er anerkjent der. Knappskog spesielt, men det skal vi ta med oss og vera stolt av alle saman. Denne skulen går framfor og drar, og så er eg opptatt av at vi får med alle skulane, seier han.

Rektor Solfrid Kleiven gjekk også stolt rundt mellom deltakarane. Ho meiner det er ein stor jobb som er gjort gjennom mange år som ligg bak posisjonen skulen har fått. Kleiven innrømmer at dei også blir påverka av den til dels oppheta debatten som går føre seg.

– Er det ein kamp mot vindmøller? Spør ho seg sjølv, før ho fortset:

– Ja, det er det viss du skal lese kommentarfelt og ulike bloggermammaer. Men vi vel å nyansere og for eksempel vise fram det gode rundt inkludering. Elever som verkeleg treng det, som har dysleksi og andre typar diagnosar står i fare for å ikkje få tatt ut potensialet sitt. Dei stå i fare for å falle utanfor viss dei ikkje får bruka teknologi som hjelpemiddel. Det ville vore tragisk, meiner ho.

– Kan ikkje stoppe utviklinga

Kleiven trekkjer også fram einskildpersonen Ingvild Vikingsen Skogestad som viser kollegaene sine kor viktig det er å henge med digitalt.

– For ein skule som vår betyr det alt å ha slike som Ingvild. Ho har vore her i mange år, og dette er litt babyen hennar. Kjempeinspirerande at vi kan få til ein slik konferanse. Vi kan ikkje berre stoppe opp utviklinga, vi må bruke dei hjelpemidla som finns i skulen, meiner rektoren.

Les også

keyboard_arrow_up