Ønskjer Øygardskonferansen velkommen

edit today
No er det berre to veker til næringslivet skal samlast, og meir enn 250 deltakarar reiser nordover i kommunen for å bli med på Øygardskonferansen.

– Utruleg kjekt at vi får til eit så stort og viktig arrangement her, seier plassjef Bjarte Padøy i Equinor. Han skal tidleg på scena i det som blir eit race av 20 korte og poengterte innlegg under konferansen.

Den raude tråden på programmet er grøn. Det skal handla om korleis bedriftene i Øygarden kan ta del i den grøne omstillinga vi og verda står overfor.

Det blir også innlegg om kraftkrisa og straumpris, og oppdatering frå dei store prosjekta vi ventar på.

Det er her det skjer

– Eg ser veldig fram til å ta imot næringslivet til ein spennande konferanse med eit tema som er så treffande. Det vil vera enorme moglegheiter framover for industrien og leverandørar i nærområdet her, meiner Padøy.

Konferansen blir arrangert i velferdsbygget utanfor sjølve prosessanlegget. Ein idrettshall som blir rigga om til fullverdig konferansesal. Kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy, som også sit i styret i Vest Næringsråd, meiner den årlege konferansen er blitt ein viktig møteplass for næringslivet, og mellom anna politikarar i regionen.

– Agendaen er som vanleg variert og spennande, og så syns jo vi at det er veldig passande at arrangementet i år blir her på Kollsnes, som blir eit sentrum for mykje av det som skal skje innan dette feltet dei neste åra, seier Nordøy.

Kan sjå lyst på framtida

I omstillinga til eit grønare verdssamfunn vil olje og gass ha ei stor rolle i mange år enno. Men industrien skal vidareutviklast, og difor meiner plassjef Bjarte Padøy at leverandørindustrien i kommunen kan sjå lyst på framtida.

– Ja, det trur eg definitivt. Her må vi saman prøve å få til den omstillinga som skal til for at vi skal nå ambisjonane våre på lang sikt. Og då er det viktig at leverandørane også er med, og ser moglegheitene i denne omstillinga, meiner han.

Les også

keyboard_arrow_up